Stod over NM for å slette legendarisk rekord

IMPONERTE: Sindre Hoff vart beste nordmann i Storehesten Opp.

IMPONERTE: Sindre Hoff vart beste nordmann i Storehesten Opp. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Sindre Hoff sletta motbakkekongen Jon Tvedt sin løyperekord i motbakkeløpet «Svinestranda Opp» i Gloppen søndag. Den gamle rekorden vart flytta 20 sekund lenger ned, og er no på 51 minutt og 10 sekund.

Stod over NM

Og for å makte dette stod Hoff like godt over NM i motbakkeløp som gjekk i Sogn dagen føre.

– Ja, eg hadde lyst på denne rekorden til Jon Tvedt, og meinte at det var riktig tidspunkt for å prøve seg. Samstundes trudde eg det var vanskeleg å ta heim NM-gullet så lenge Stian Angermund-Vik er i så sterk form som han er no, seier viksdølen Sindre Hoff ærleg og ser at Angermund-Vik vann NM-gullet i «Molden Opp» med god margin.

– Viss Angermund-Vik held fram på same viset som han har gjort tidlegare i år, så ser eg ikkje bort frå at han kanskje kan vinne VM-tittel i vertikal seinare i sommar. Han er kort og godt knallsterk for tida, seier Hoff om konkurrenten frå bergensklubben Varegg.

– No varierer prestasjonane frå løp til løp avhengig av kor bratt traseane er. Men «Svinestranda Opp» passar meg svært godt, og eg tenkte at det kunne vere kjekt å slå ein av rekordane til motbakkelegenden Jon Tvedt, seier Sindre Hoff.

«Svinestranda Opp» er sju kilometer langt og har ei stigning på 1050 høgdemeter. Eli Anne Dvergsdal vann kvinneklassa, og sette også ny løyperekord. Den er no på 57,04 for kvinner.

Stiller på laurdag

Sunnfjordingen har ikkje tenkt å kvile lenge på laurbæra frå sigeren i Gloppen, og stiller sjølvsagt i «Storehesten Opp» i Bygstasd førstkommande laurdag.

– Då er eg sjølvsagt med. Det løpet er jo på heimebane. Men der er det så godt som umogleg å slå løyperekorden. Eg vann i fjor på omtrent 1 time og 10 minutt, og håpar sjølvsagt å prestere noko betre enn det. Så eg får håpe på godt ver og bra med støtte frå publikum oppover løypa, seier Hoff.

Gjeldande rekord i «Storehesten opp» er den kenyanske John Sompol frå Kenya som har. Den er på 1,03.15, og vart prestert i 2011. Til samanlikning var Jon Tvedt sin rekord frå 2007 på 1,06.10.

Artikkeltags