Nok ein motbakke-konge er død

Både John Sompol og Jon Tvedt dominerte stort i motbakkeløp for nokre år sidan. No er begge døde.

Både John Sompol og Jon Tvedt dominerte stort i motbakkeløp for nokre år sidan. No er begge døde. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Jon Tvedt og John Sompol har begge hatt rekordane i «Storehesten Opp». No er dei begge døde.

DEL

Jon Tvedt herja i den tidlege fasen av motbakkerørsla, og hadde løyperekordar i nesten alle motbakkeløpa han stilte opp i. Mellom anna i «Skåla Opp», «Fanaråken Opp» og «Storehesten Opp».

Og då Jon Tvedt døydde rett over nyttår 2009, berre 42 år gammal, var det kenyatten John Sompol som overtok motbakketrona i mange av dei lokale motbakkeløpa på Vestlandet. Det som var sett på som uslåelege noteringar av Jon Tvedt i mange motbakkeløp, vart i løpet av dei to kommande sesongane kraftig slått av ungguten John Sompol. På til dømes «Storehesten Opp» pressa han Tvedt sin bestetid på 1,06,10, først ned til 1,04,24, før han i 2011 sette den gjeldande rekorden på 1,03,15.

Ein rekord som ingen så langt har vore i nærleiken av.

Nye rekordar

Arrangøren har dei siste åra prøvd å få Sompol tilbake for å sjå om det var mogleg å få ein løpar under timen opp på det 1209 meter høge sunnfjordfjellet. Men i mai i år kom meldinga om at John Sompol var død, i ein alder av berre 27 år.

– Vi fekk først melding om dette gjennom Facebook, og seinare har det blitt stadfesta av hans agent i Norge. Det er berre ufatteleg trist at han ikkje lenger skal vere med på å prege toppen på resultatlistene, seier Helge Kårstad.

Fleire på start

Kårstad er primus motor bak «Storehesten Opp», og var også den lokalt som jobba med å få Sompol til Norge gjennom prosjektet «Barakarunner».

- Det var ein kombinasjon av bistand til fattige og idrett, og eitt år hadde vi fem-seks løparar frå Kenya med i «Storehesten Opp». Og sjølvsagt prega dei det øvre sjikt av resultatlistene, og var eit eksotisk bidrag i konkurransen, seier Kårstad og seier dei ikkje har fått nokon offisiell stadfesting på Sompol sin død.

Usikker årsak

Då Firda kontakta John Sompol sin treningskamerat, Samson Kiplagat, så kunne han stadfeste at motbakke-talentet Sompol er død.

– Men eg veit ikkje noko om dødsårsaka. Nokre seier hjarteinfarkt, medan andre seier at det var problem med nyrene. Men eg håpar vi får vite meir, seier Kiplagat som er ein av dei frå løparnasjonen Kenya som kanskje kan føre Sompol sin arv vidare.

– Eg håpar sjølvsagt at eg får sjansen til å vise det. Men Sompol var ein stor løpar. Ikkje minst i motbakkar, seier Kiplagat.

Vinnartidene

Dette er vinnartidene på «Storehesten Opp» sidan Jon Tvedt sette sin rekord:

  • 2007: Jon Tvedt 1,06.08
  • 2008: Jon Tvedt 1,06.10
  • 2009: John Sompol 1,04.24
  • 2010: John Sompol 1,06.02
  • 2011: John Sompol 1,03.15
  • 2012: Kort løype grunna dårleg ver
  • 2013: Torbjørn Thorsen Ludvigsen 1,06.16
  • 2014: Ahmet Arslan 1,06.23
  • 2015: Sindre Hoff 1,10.07

Artikkeltags