– No håpar eg mamma har laga pizza som eg kan feire med

VANN: Malene Blikken Haukøy frå Kyrkjebø i Høyanger vann Hornindal rundt igjen.

VANN: Malene Blikken Haukøy frå Kyrkjebø i Høyanger vann Hornindal rundt igjen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

HØYANGER: Malene Blikken Haukøy vann igjen ultraløpet Hornindal Rundt. Rett nok den «korte» løypa denne gongen.

DEL

– Det gjekk ganske fint i dag. Det var godt å springe den korte løypa, slik at eg ikkje var heilt utsliten då eg kom i mål, seier Malene Blikken Haukøy til Firda etter å ha fullført årets utgåve av Hornindal Rundt.

Ultraløpet som i utgangspunktet er 75 kilometer langt, og med tusenvis av høgdemeter. Blikken Haukøy har rekorden, men i år sprang ho «berre» den korte versjonen, eit fjelløp på 38 kilometer.

Også der sette ho løyperekord med tida 4.45:50.

– Det var tungt i dag. Det har regna mykje i det siste, så store deler av løypa var myr og gjørme. Då gjeld det å ha rette skotøyet, så ein ikkje går på trynet, seier Blikken Haukøy.

– Vurderte å bli liggande i senga

Ho fortel at ho trefte bra med skovalet, men at det var det slett ikkje alle som gjorde.

– Nei, eg såg fleire som gjekk på trynet, seier løparen frå Kyrkjebø lurt.

Det var nok aldri nokon reell tvil om at ho skulle stå på startstreken, med ambisjonar om å gå heilt til topps, men ein liten augneblink var ho i tvil.

– Då vekkarklokka ringde i dag tidleg, og eg oppdaga at det regna og var null sikt på grunn av skodda, då lurte eg på kvifor eg hadde meldt meg på. Det er verre med dei som er ute i eit tosifra tal timar slike dagar, seier ho, og fortel at ho hadde blitt veldig skuffa over seg sjølv om ho hadde late vere å stille til start på grunn av vêret.

For det er krevjande å delta slike dagar. Med regn, skodde, og høge fjell.

– Alt blir tøffare. Både fysisk og mentalt. Ein må litt ned i kjellaren for å greie det, seier ho.

Sjølv om ho trur det ville vore brutalt med eit tosifra tal timar i fjellheimen laurdag, hadde ho ikkje lyst til å stogge då ho kom i mål.

– Det var rart å stogge halvvegs. Det kjennast litt som å bryte, seier ho og ler.

Håpar på mamma sin pizza

– Når eg er vant med å springe 75 kilometer, så kjennest det ikkje så lenge å berre vere ute i fire-fem timar. Eg var liksom ikkje heilt på felgen då eg kom i mål, seier Blikken Haukøy.

Grunnen til at ho ikkje sprang den lange løypa, er at ho har kjent ein skade i foten.

– Det kan godt hende at 75 kilometer hadde gått fint, men det er frykteleg langt, og eg har nokre løp til eg ønskjer å springe i år. Å halde alt i sjakk er ein hårfin balansegong, for ein lyt trene mykje mengde og, seier Blikken Haukøy.

Med siger i år òg, har ytresogningen vunne kvar gong ho har stilt opp på Hornindal rundt.

Det veit ho akkurat korleis ho håpar å feire.

– Eg håpar at mamma lagar pizza til meg. Eg har ikkje sagt det, men hinta bra fram. Utanom det så reknar eg med at eg blir sengeliggjande nokre dagar no. Beina blir mørbanka av nedoverbakkane, så det tek nokre dagar å hente seg inn. Det blir mykje gangsperre og smerte, men det er litt godt å vite at ein kan ta seg ut og, seier ho.

I herreklassen vann André Haugsbø frå Gaular. Her kan du sjå alle resultat, og følgje med på kven som vinn 75-kilometeren.

Artikkeltags