Karoline knuste alle opp på Skåla

Karoline Holsen Kyte vann Skåla opp i 2017.

Karoline Holsen Kyte vann Skåla opp i 2017. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FRIIDRETT: Førde-jente vann Skåla opp, nær rekordtid. – Dette er utruleg stort, seier ho til Firda.

DEL

I eit knalltøft kvinnefelt, var det ingen som greidde å halde følgje med Karoline Holsen Kyte frå Førde på veg opp det stupbratte fjellet Skåla i Loen.

Motbakke-løparen, som denne sesongen har hevda seg i blant anna EM, sprang i mål på tida 1.22.38, og var med det berre vel to minutt bak den ni år gamle løyperekorden på det 1848 meter høge fjellet.

– Eg var utruleg sliten då eg kom over målstreken, men det går berre nokre sekund så kviknar ein til igjen. Når ein då er først i mål, er det ei heilt fantastisk kjensle, det er difor eg driv med dette, seier ein utruleg glad og lykkeleg vinnar på telefon frå toppen av Skåla-fjellet.

– Kjekkaste eg har gjort

Holsen Kyte er den første lokale kvinna som går til topps i Loen, og det er eit resultat ho ikkje var budd på før løpsstart. Då uttalte ho følgjande til Firda.

– Målet er å komme på pallen, men å vinne blir nok for tøft.

– Før starten hadde eg ikkje tru på at eg skulle ta sigeren, men ein vil jo alltid vinne. Så då eg fekk leiinga tidleg i løpet, tenkte eg at eg måtte sjå kor langt det gjekk, men eg var budd på at nokon skulle ta meg igjen på slutten, fortel ho etter løpet.

Det kom ingen opp på sida og forbi. Det kom strengt tatt ingen i nærleiken av den kvikke Førde-kvinna. For i mål var ho 4.29 minutt framfor spanske Lara Orgue som tok andreplassen.

– Det er kjempemoro no. Utruleg stort. Dette er det kjekkast løpet eg har sprunge. Skåla er det løpet i Norge som er gøyast å vinne, å greie det er veldig stort, seier Holsen Kyte.

Les også: Slo rekorden til Heidi Weng med to minutt

Eli Anne Dvergsdal frå Jølster låg lenge an til ein pallplass, men hamna til slutt på sjette plass.

God tid i herreklassen

I herreklassen vann Stian Angermund-Vik på tida 1.10.10, framfor Robbie Simpson og Øyvind Heiberg Sundby.

Dermed vart ikkje lokal vinnar i herreklassen i år, men det har vi tidlegare hatt i Bjarne Nes i 2002 og Odd-Bjørn Hjelmeset i 2005.

Les også: Karoline skulle aldri studere medisin, til hausten begynner løpsfantomet på første året

Artikkeltags