Amalie (11) vann motbakkebilen

VINNAR: Amalie Haugsbø Ness (11) vann "motbakkebil".

VINNAR: Amalie Haugsbø Ness (11) vann "motbakkebil". Foto:

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

11 år gamle Amalie Haugsbø Ness frå Angedalen i Førde vann bilen som vart sett opp som uttrekkspremie til deltakarane ved motbakkeløpa «Skåla Opp», «Førde Opp» og «Balestrand Opp».

- Eg fekk ein telefon laurdag ettermiddag frå Balestrand om at eg var trekt ut som vinnar. Det var litt skummelt, for eg er jo berre 11 år, seier førdejenta som det kommande året kan disponere bilen.

Bilen vart trekt ut etter laurdagens «Balestrand Opp».

Må ha privatsjåfør

– Men eg må vel ha privatsjåfør då eg er så ung. Så det blir sikkert mamma eller pappa som må køyre meg, seier Amalie Haugsbø Ness og ser at dette ikkje er første gong ho har vunne noko i motbakkeløp.

– Klassen min på Slåtten har tre år på rad vore blant dei beste når det gjeld «Førde Opp». Vi har ein andreplass og to førsteplassar, og dei pengepremiane vi har vunne der, har vi brukt til anten tur til Hauglandsenteret eller til gokartkøyring i Kråkenesmarka, seier 11-åringen.

Til familien

Og ho vedgår at ho ikkje var klar over at ho var med i konkurransen.

Amalie Haugsbø Ness vann motbakkebilen

Amalie Haugsbø Ness vann motbakkebilen Foto:

– Då eg var med på «Førde Opp», så såg eg at bilen stod i starten av løypa. Og då fekk eg høyre at vi kunne vinne den. Men at det var eg som skulle vinne, trudde eg ikkje var mogleg. Eg trudde vinnaren måtte vere vaksen, seier Amalie og gler seg til at bilen blir overlevert til familien.

– Då trur eg det første vi skal gjere er å ta ein tur. Og kanskje eg får privatsjåfør til fotballtreninga på måndag, ler ho.

Vinnaren av motbakkebilen får fri disposisjon av bilen fram til neste «Skåla Opp» i august 2017.

Artikkeltags