– Å vinne blir nok for tøft, men målet er pallplass

Karoline Holsen Kyte (t.v.) og Eli Anne Dvergsdal blir begge trekt fram som moglege pallkandidatar på Skåla opp laurdag.

Karoline Holsen Kyte (t.v.) og Eli Anne Dvergsdal blir begge trekt fram som moglege pallkandidatar på Skåla opp laurdag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FRIIDRETT: Karoline Holsen Kyte er offensiv før Skåla opp, men trekkjer fram norsk stjerneskot som favoritten.

DEL

– Eg har sjølvsagt lyst til å vere med å kjempe i toppen, men det er nok eit par som er sterkare enn meg i år. Så det blir vanskeleg å nå heilt opp, men ein pallplass er målet, seier Førde-jenta Karoline Holsen Kyte til Firda dagen før motbakkeløpet Skåla opp skal arrangerast.

Ho har vist ein enorm løpsform denne sesongen, og har lagt bak seg fjelltopp etter fjelltopp.

Trur på lokale på pallen

Det har fått motbakke-kjennar, Christian Prestegård, til å meine at det er store sjansar for lokale løparar på pallen. Han trekkjer fram både Holsen Kyte og Eli Anne Dvergsdal.

– Sett vekk frå dei første par åra, så har ikkje lokale hevda seg i tetsjiktet. Så dette er unikt. I år kan vi godt få to jenter frå fylket på pallen, seier Prestegård, framfor den 16. utgåva av Skåla opp.

Han fortel at han var til stades då EM i motbakkeløp vart arrangert, og fekk sjå Karoline Holsen Kyte imponere med ein fjerdeplass.

– Har ho klart å halde den forma gjennom sommaren, så kan det bli veldig spennande å sjå ho mot Skåla, seier han.

Prestegård trekkjer fram nokre ekstra namn på kvinnesida som han meiner er med å kjempe om sigeren.

– Utanom dei to lokale jentene, vil kvintetten Antonella Confortola Wyatt, Laura Orgue, Anne Bersagel, Emelie Forsberg og May Britt Buer kjempe om sigeren. I herreklassen trur eg Stian Angermund Vik vinn, men Johan Bugge, David Schneider, Robbie Simpson og Japhet Kipkorir vil blande seg inn blant dei beste, seier han.

Trekkjer fram norsk ungjente

Holsen Kyte på si side trur det blir ei heilt anna kvinne som blir den vanskelegaste konkurrenten. Ho trekkjer nemleg fram ei 18 år gammal norsk jente.

– Lucia Phillip har vore heilt enorm i dei løpa ho har stilt opp på i år. Så eg trur ho vinn, seier Holsen Kyte.

Phillip sprang inn til siger på Viking Challenge (frå Rjukan til Gaustatoppen) som 17-åring tidlegare i sommar, og smadra løyperekorden.

Der Holsen Kyte er offensiv og jaktar pallplass, er Eli Anne Dvergsdal litt meir forsiktig, etter ein sesong som vart spolert av skader.

– Eg er inne i ein treningsperiode, så dette er eit av fleire løp i den. Så eg har ikkje tenkt så mykje på kvar eg kan hamne på lista, seier ho om Prestegård sin spådom.

– Men om du har heng på teten på veg mot mål?

– Då skal eg gi alt. Det kjem eg til å gjere uansett. Eg skal gjere mitt beste, seier ho lurt.

Artikkeltags