600 påmelde på ei veke

Slik blir det også i 2018. Bildet er frå starten av Skåla Opp i 2015. Då var det 756 løparar som fullførte i konkurranseklassane.

Slik blir det også i 2018. Bildet er frå starten av Skåla Opp i 2015. Då var det 756 løparar som fullførte i konkurranseklassane. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

MOSJON: – Det er berre 200 ledige plassar igjen, seier Erik Brendefur.

DEL

Arrangøren av motbakkeløpet «Skåla Opp» i 2018 kan sjå at etter ei veke med påmelding, så har dei allereie fått på plass 600 løparar.

– Ja, det har gått unna. Noko vi sjølvsagt er godt nøgde med. Vi veit av erfaring at dette er eit populært løp, men det er sjølvsagt ekstra kjekt at nesten alle plassane er fullteikna ti månadar føre neste års løp, seier Skåla Opp-sjefen, Erik Brendefur.

17 år på rad

Når Norges tøffaste motbakkeløp går av stabelen 18. august neste år, så er det 17. gongen på rad at dette løpet vert arrangert.

– Dei siste åra har vi hatt godt med deltaking i konkurranseklassane. Det er sett eit tak på maksimalt 800 løparar då store delar av traseen går inne i Jostedalsbreen nasjonalpark. Difor er det talet mosjonistar som i grove trekk vil utgjere variasjonane vi har i det totale deltakartalet frå år til år. Og sjølvsagt vil deltakinga i desse klassane vere veldig veravhengig, seier Brendefur.

Han har sett at vêrgudane ikkje har vore på arrangørane si side dei to siste åra. I 2015 måtte arrangøren for første gang i historia ta målgang midtveges i løypa grunna uver og snø, medan løpet i år vart prega av regnbyer frå morgonen av.

– Når det gjeld mosjonistane, så er det heilt klart ein stor fordel at det er sol og fint ver. Då er det sjølvsagt langt fleire som vil ta turen opp på det 1848 meter høge fjellet, seier Erik Brendefur.

Dei beste kjem

Rekorddeltakinga på dette motbakkeløpet er på 1935 løparar og vart sett i 2014.

– Uansett kor mange deltakarar vi har hatt i desse åra, så har det kvart år vore gode inntekter for arrangørane. Som tidlegare år har det også i år blitt overført 130 000 kroner til Loen idrettslag. Dessutan får både Olden Røde Kors, Bergen Hordaland Turlag og grunneigarar ein del av overskotet, seier Brendefur.

Han viser også til at det tradisjonen tru allereie har komme klarsignal frå fleire toppløparar til «Skåla Opp» i 2018.

– Det er sjølvsagt veldig tidleg for mange av toppløparane å legge planar allereie no for 2018. Men namn som May Britt Buer, Øyvind Heiberg Sundby, Annie Bersagel, Kristen Skjeldal og Kirsten Melkevik Marathon er allereie på startlista. Og vi reknar med at fleire av dei beste løparane vil dukke opp etter kvart. Men no er det berre 200 plassar igjen til konkurranseløparane, seier Erik Brendefur.

Artikkeltags