Vedvik tangerte løyperekorden

DOBBELTVINNAR: EM-løpar Marius Vedvik frå Gular brukte Arnaløpet som oppkøyring til haustens løp. Framfor fleire gode løparar vart det dobbelt gull og tangering av kortløyperekorden for Førde-karen.

DOBBELTVINNAR: EM-løpar Marius Vedvik frå Gular brukte Arnaløpet som oppkøyring til haustens løp. Framfor fleire gode løparar vart det dobbelt gull og tangering av kortløyperekorden for Førde-karen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FRIIDRETT: Marius Vedvik vann begge løypene og tangerte løyperekorden på kort distanse i årets Arnaløp. Eli Anne Dvergsdal tok gull på begge distansane i kvinneklassen.

DEL

Over 700 deltakarar i alle aldrar hadde møtt opp i perfekt løypevêr ved Espelandshallen for litt oppvarming før det første løpet på 3,4 kilometer starta. Dei fleste hadde valt denne distansen, og fleire eliteløparar var også å sjå på startstreken.

Sunnfjordingane herja

Fleire sterke namn stilte til start i årets løp. Marius Vedvik gjekk inn for å vinne kortløypen, noko han også klarte. Tida 9.49 blei også tangering av løyperekorden til Lars Nesbø Bakke frå 2010.

– Eg køyrde hardt frå starten og heldt bra inn. Det kosta, så det andre løpet måtte eg ta kontrollert, forklarer 26-åringen etter at begge løypene var unnagjort, seier Vedvik til Bergensavisen.

EM-deltakaren er ferdig med banesesongen og brukte Arnaløpet som ei førebuing til haustens terrengløp. Eli Anne Dvergsdal vann kortløypa på tida 11.57. Også ho brukte også Arnaløpet som oppkøyring. Om ti dagar reiser ho til Andorra for å førebu seg til VM i motbakkeløp.

– Eg er i ei hard treningsperiode og skulle ha intervalltrening. Då er det bra å vere med her, seier ho.

Artikkelen held fram under bildet

VANN KORTLØYPA: Eli Anne Dvergsdal sprang på 11.57 under Arnaløpet 2018.

VANN KORTLØYPA: Eli Anne Dvergsdal sprang på 11.57 under Arnaløpet 2018. Foto:

Familievennleg

Mange familiar hadde også møtt opp. Med seg hadde de små barn, hundar og vogner. Det var ikkje noko problem for Eirik Blomdalen, som sjølv hadde med seg sin familie og sprang med vogn gjennom kortløypa.

– Det kan bli litt tungt i motbakke, og litt vanskeleg å springe forbi folk. Elles går det helt fint, smiler han.

Liten nedgang

Arnaløpet opplever ein liten nedgang i tal deltakarar. Talet enda på 718 i år, men det skulle gjerne vore høgare.

– Hadde vi klart 1038 ville deltakarsnittet gjennom 35 år blitt akkurat tusen. Det hadde vore draumen, men vi er ikkje for skuffa. Det er mange om beinet, med mange løp rundt omkring, seier formann i Fri friidrettslag, Jarle Iversen til BA.

ARNALØPET 2018

Herrar

Kort løype 3,4 km

  1. Marius Vedvik, IL Gular, 9:49
  2. Trygve Feidje Mjelde, Osterøy IL, 10:13
  3. Erlend Nymark Jensen, BFG, 10:31

Lang løype 8,8 km

  1. Marius Vedvik, IL Gular, 28:50
  2. Erlend Nymark Jensen, BFG, 29:06
  3. Sondre Øvre-Helland, Viking, 29:11

Kvinner

Kort løype 3,4 km

  1. Eli Anne Dvergsdal, Varegg, 11:57
  2. Bertine-Helene Ferø, Varegg, 12:14
  3. Vigdis Gaupholm Reigstad, Fri IL, 12:18

Artikkeltags