Sunnfjord-duoen einaste frå Norge i VM – Karoline (25) overraska seg sjølv

SUNNFJORDINGAR I VM: Karoline Holsen Kyte (t.v.) frå Førde vart nummer 25, medan Eli Anne Dvergsdal frå Jølster vart nummer 45 i VM i motbakkeløp.

SUNNFJORDINGAR I VM: Karoline Holsen Kyte (t.v.) frå Førde vart nummer 25, medan Eli Anne Dvergsdal frå Jølster vart nummer 45 i VM i motbakkeløp. Foto:

MOTBAKKELØP: Karoline Holsen Kyte vart nummer 25, medan Eli Anne Dvergsdal kom på 45.-plass i VM i motbakkeløp.

DEL

Verdsmeisterskapen vart arrangert søndag morgon i Andorra. Løpet starta på 1500 meter over havet, med målgang 2500 m.o.h. Løypa var elleve kilometer lang.

– Eg er eigentleg fornøgd. Dette var betre enn på lenge. 25.-plass er ikkje noko fantastisk plassering, men med tanke på sesongen eg har hatt så er eg fornøgd, seier Karoline Holsen Kyte etter løpet.

Overraska seg sjølv

25-åringen frå Førde fekk i påska øydelagd store delar av oppkøyringa til VM-sesongen då ho fekk eit trøyttleiksbrot i ryggen. Først i juli stod ho på startstreken i konkurranse. Seinast var ho med på Førde Opp for to veker sidan der ho vart nummer to bak Annie Bersagel frå USA (ho vart nummer 17 i VM-løpet søndag).

– Eg trudde eg skulle vere lengre nede på lista. Eg hadde håpa på øvre halvdel, men eg var innanfor beste tredjedel. Eg var veldig usikker i forkant, og sjølv om det er eit stykke opp både plasseringsmessig og tidsmessig, så er eg veldig fornøgd, seier Holsen Kyte på telefon frå Andorra.

Holsen Kyte, som i fjor vart nummer fire i EM, kom nesten ni minutt bak søndagens VM-vinnar, kenyanske Lucy Mirigi. Førdianaren fekk tida 1.13.47.

Saka held fram under.

DEI EINASTE: Karoline Holsen Kyte (t.v.) og Eli Anne Dvergsdal var dei einaste kvinnene frå Norge som var med i VM.

DEI EINASTE: Karoline Holsen Kyte (t.v.) og Eli Anne Dvergsdal var dei einaste kvinnene frå Norge som var med i VM. Foto:

– Gir ekstra motivasjon

Fire minutt bak Holsen Kyte igjen kom den andre norske kvinna som var med i VM, Eli Anne Dvergsdal (26) frå Jølster. Ho fekk tida 1.17.58 i løypa som hadde mykje stigning i starten, og som elles inneheldt både veg og kupert terreng.

Holsen Kyte seier det er stort å vere ein del av eit verdsmeisterskap saman med med-sunnfjordingen Dvergsdal, som vann NM tidlegare i år, og resten av dei norske.

– Det er kjempemorosamt! Eg sa før eg blei teken ut at eg var usikker på om eg kom til å bli teken ut. Og så kjem eg på øvre del av lista i tillegg. Vi har vore her ei veke no, og det har vore fantastisk gøy, og det gir ekstra motivasjon for vidare satsing. Og så tok mennene bronse i lagkonkurransen, og det var jo også kjempegøy, seier Holsen Kyte.

Artikkeltags