Marius (27) ut mot Bislett Games: – Dei prioriterer Warholm og Ingebrigtsen

KRITISK: Gular-løparen er oppgitt over at verken han eller klubbkollega Per Svela får vere med på 3000-meteren i Bislett Games 13. juni.

KRITISK: Gular-løparen er oppgitt over at verken han eller klubbkollega Per Svela får vere med på 3000-meteren i Bislett Games 13. juni. Foto:

Løparen frå Førde kritiserer friidrettsstemnet for at dei ikkje inkluderer dei nest best utøvarane frå Norge.

DEL

– Dei prioriterer Warholm og Ingebrigtsen, og det er forståeleg. Men ein kan bli litt oppgitt over mangelen på inkludering i eit sånt stemne. Vi kunne gjort ein grei figur der, seier Marius Vedvik til NRK.

Gular-løparen er oppgitt over at verken han eller klubbkollega Per Svela får vere med på 3000-meteren i Bislett Games 13. juni.

Vedvik har ein personleg rekord på 3000-meter på 7.54.95, medan Svelas pers er på 7.54.66. Førdianaren kan også vise til 13.29 på 5000-meter.

Til samanlikning opna Henrik Ingebrigtsen sesongen i år med tida 7.54.66 på 3000-meter.

– Ein bør opne opp for dei som er nest best også, seier Vedvik til NRK.

I 2017 kom langdistanseløparen på 2.-plass på 3000 meter i same stemne. I fjor enda han på ein 6.-plass på 10.000-meter. Det er Norges Friidrettsforbund som bestemmer kva for øvingar som skal vere med, men i år står ikkje langdistansar på programmet.

– Eg treng ikkje ei krone for å stille opp der. Det er nok å få treninga og erfaringa som det gjev, og sjølvsagt å få vise seg fram for det norske publikummet, legg han til.

Direktør for Bislett Games, Steinar Hoen, meiner Svela og Vedvik ville vore sjanselause.

– Dersom dei hadde tider som gjorde at de ivar automatisk kvalifisert til 3000-meteren, så hadde eg vore den første til å invitere dei. Men det er eit ekstremt nivå på dette feltet, så det er forklaringa. Det er dei 12–13 beste i verda, seier Hoen til NRK.

Artikkeltags