Marius (26) nedringd etter Twitter-melding: – Eg forstår at meldinga kan bli oppfatta kritisk

YTRA SEG: Marius Vedvik tok til Twitter tysdag og skreiv at berre halvparten av dei EM-kvalifiserte utøvarane i friidrett får forbundsstøtte. Det vart det oppstyr av.

YTRA SEG: Marius Vedvik tok til Twitter tysdag og skreiv at berre halvparten av dei EM-kvalifiserte utøvarane i friidrett får forbundsstøtte. Det vart det oppstyr av. Foto:

FRIIDRETT: EM-kvalifiserte Marius Vedvik (26) ytra seg i sosiale medium om at berre halvparten av EM-troppen i friidrett får støtte og oppfølging frå forbundet. Då tok det fyr!

DEL

«Over halvparten av troppen til Berlin blir sendt uten noko støtte frå forbundet. Utan at dei engang spør korleis det går med treninga».

Dette skreiv langdistanseløpar Marius Vedvik frå Førde på Twitter tysdag. Med «troppen til Berlin» siktar Vedvik til dei frå Norge som er kvalifiserte til å representere landet i friidretts-EM i august. Brørne Ingebrigtsen og Karsten Warholm er blant desse. Det er også Vedvik, som no er inne i sine siste førebuingar før 10.000 meter i europameisterskapet.

Forstår at meldinga vert oppfatta kritisk

Med denne tweeten, som han sletta onsdag etter at TV 2 kontakta han onsdag, seier Vedvik at han ønskjer å vise korleis det er å vere «nest best». Det var også TV 2 som omtala saka først.

Vedvik seier til Firda at meldinga på ingen måte var meint som kritikk til Norges Friidrettsforbund.

– Men har du ikkje forståing for at denne meldinga kan oppfattast kritisk?

– Jo, det forstår eg. Eg er ikkje dum heller. Det var nok det eg skreiv om at dei ikkje spør korleis det går med treninga som kan bli oppfatta mest kritisk. Eg skjønar det godt, seier Vedvik, som understrekar at er vanskeleg å «ta» forbundet med tanke på dei fantastiske resultata som blir vist om dagen.

– Eg forstår at forbundet prioriterer som dei gjer, og det har også samanheng med budsjett. Faktumet er likevel at berre 14 av dei 26 som er kvalifisert for EM får støtte, seier Vedvik.

Saka held fram under lenka.

Toppidrettssjefen: – Han skal få meine det han vil

Som nemnd, Vedvik sletta tweeten onsdag. Ifølge toppidrettssjef i Norges Friidrettsforbund, Håvard Tjørhom, var det ikkje dei som oppfordra han til det.

– Eg har snakka med Marius, og han skal få meine og seie det han sjølv vil. Eg har ikkje bedt han slette den, seier Tjørhom til TV 2.

Tjørhom seier også til kanalen at forbundet sitt ansvar er å ta vare på dei beste.

TV 2 spør deretter:

Er ikkje dei mindre kjende utøvarane meir avhengig av støtte frå dykk, enn dei som allereie er etablert?

–  Jo, det kan du seie. Dei kan ha nytte av å få støtte frå oss, men vi kan ikkje la vere å bruke pengar på dei aller beste, svarer toppidrettssjefen, som også legg til at forbundet ikkje har kapasitet eller økonomi til å ta vare på alle.

– Eg har ikkje noko imot å fronte vår sak

Vedvik seier til Firda at han i etterkant av tweeten vart nedringt av store medium som TV 2, NRK, Dagbladet og VG. Av TV 2 fekk han tilbod om å stille på TV-sending hos TV 2 Sporten.

Han takka nei til dette.

– Eg har ikkje noko imot å fronte vår sak, men det vil eg helst gjer etter EM. Eg står for det eg har skrive, men akkurat no ønskjer eg å bruke tida framover på å prestere best mogleg i EM, seier førdianaren.

Som ein del av oppladinga til EM har Vedvik akkurat lagt bak seg eit høgdeopphald i sveitsiske St. Moritz.

Artikkeltags