I dag tok ho ein ny skalp

Karoline Holsen Kyte vann i dag kvinneklassa i "Stolzekleiven Opp" i Bergen.

Karoline Holsen Kyte vann i dag kvinneklassa i "Stolzekleiven Opp" i Bergen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

MOTBAKKE: Vann prestisjeløpet «Stolzen Opp».

DEL

Karoline Holsen Kyte er Norges motbakkedronning for tida. I dag vann ho også motbakkeløpet «Stolzekleiven Opp» i Bergen, og sikra seg nok ein merittert siger i årets suksess-sesong.

– Eg hadde som mål å springe under 10 minutt for første gong. Men trur det skal godt gjerast å komme ned på rekordtida til Kristin Størmer Steira. Den er på 9,35, kunne Førde-jenta understreke over Firda føre dagens løp opp Stolzen.

Nesten rekord

Holsen Kyte har tidlegare delteke i dette populære løpet tre gonger, og har tidlegare ikkje vore under 11 minutt. Men i dagens løp pressa ho tida heilt ned på 9,44 og var dermed berre ni sekund unna langrennsløparen Størmer Steira sin legendariske rekord. Og bak til toaren, Anita Iversen Lilleskare frå Bergen Løpeklubb, var det heile 42 sekund. Jølster-jenta Eli Anne Dvergsdal vart nummer seks i dagens løp og passerte mål på tida 11,04.

– Eg er veldig nøgd med løpet. Målet var å komme i mål under ti minutt. Det klarte eg, seier Holsen Kyte til BA etter målgang.

Speaker var rask framme med å rope ut Førde-kvinna som vinnar av dameklassa, men Kyte ville ikkje ta sigeren på forskot.

– Det er framleis gode løparar der ute. Eg vil vente til dei har komme i mål, sa Holsen Kyte.

Karoline Holsen Kyte har tidlegare i år vunne stort sett det ho har stilt opp i av motbakkeløp her i Norge, med sigrar i tid dømes både «Skåla Opp» og «Førde Opp». Ho har dessutan ein fjerdeplass i EM i det som må definerast som hennar gjennombrots-sesong.

Øygard best

I herreklassa vann ungguten Stian Øvergaard Aarvik på tida 8,04, som er ti sekund bak løyperekorden til Thorbjørn Ludvigsen. Ludvigsen vart i dag nummer to. Beste løpar frå Sogn og Fjordane vart Eivind Øygard frå Jølster som sprang inn på tida 8,43. Dette er fem sekund bak den beste tida ein lokal utøvar frå fylket har prestert tidlegare. Den rekorden har nemleg framleis Erlend Eide frå Eidsfossen Sykkel som har tida 8,38. Førde-løparen Marius Vedvik, som representerer Gular, vart i dag nummer 11 på tida 8,55.

Artikkeltags