Til helga spring han sitt maraton nummer 500 (!)

På laurdag vil Inge Asbjørn Haugen fullføre sitt maratonløp nummer 500.

På laurdag vil Inge Asbjørn Haugen fullføre sitt maratonløp nummer 500. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Ingen andre i Norge er i nærleiken av ein slik prestasjon.

DEL

– Dette er vel min ekstreme måte å halde meg i form på, seier nordfjordingen Inge Asbjørn Haugen som naturleg nok har valt «Hornindalsvatnet Maraton» for å markere jubileet.

– Ja, eg har lenge hatt i tankane at det var naturleg å sette denne rekorden på heimebane. Og når eg ser påmeldingane til laurdagens løp, så ser eg at det var eit riktig val, seier Haugen.

God påmelding

Haugen bokfører nemleg at det allereie er 123 påmelde til løpet i helga.

– Og det som er kjekt er at over 40 av desse løparane skal delta på heilmaraton. Det betyr at det vert ein del folk i løypa, seier Haugen og kjenner til at det er planlagt ei større markering for han om kvelden på Raftevold hotell på Grodås.

– Men eg kjenner ikkje til kva som skal skje. Anna enn at det visstnok skal vere ein bankett som Hornindal idrettslag har teke initiativ til. Og du veit at eg likar jo helst å springe langs vegane, og er nok meir usikker på denne banketten enn sjølve løpet, seier maraton-spesialisten som berre dei tre siste vekene vil ha fullført over 150 kilometer i konkurransar.

Mil på mil

– Eg måtte få med meg fjell-løpet «Hornindal Rundt» for 14 dagar sidan. Eg er ein av to som har delteke på alle dei løpa, men med 70 kilometer og over 5600 meter stigning, så var eg ikkje fullt ut restituert då eg stilte opp på ny maraton på Jessheim sist fredag, vedgår honndølen.

Nytt løp

Og sjølv om han passerer milepælen med maratonløp nummer 500 på laurdag, så har han ikkje tenkt å legge joggeskoa på hylla i framtida. Heller tvert om.

– Nei, for meg er dette løpet nummer 500 som alle dei hine. Eg førebur meg på vanleg måte, og har allereie planar om å springe løp nummer 501 neste helg. Då er planen å delta på Møgster, kor eg kan få kombinere min andre lidenskap, musikk, med at Jan Eggum skal vere med på showet etter løpet. Det er noko eg verkeleg ser fram til, seier maratonløparen.

Men først skal han fullføre sitt maratonløp nummer 500!

Artikkeltags