Følg cupfinalen direkte: Vert Even Hovland cupmeister?

FOTBALL Cupfinalehelga i Oslo vert avslutta med Rosenborg mot Strømsgodset på Ullevaal stadion. Følg den i Firda-liven frå klokka 13.15.

DEL

I går tapte Stine Hovland sin cupfinale for Sandviken mot LSK 4–0. I dag skal storebror Even prøve å sikre gullmedaljen for hans Rosenborg møter Strømsgodset.

Då må Rosenborg klare det som G19-laget til trønderane ikkje klarte i går. Dei tapte nemleg sin cupfinale mot Sogndal.

29-åringen frå Vadheim kan dermed sikre sitt andre gull på få veker. Rosenborg vann også eliteserien for fjerde året på rad.

Vert Rosenborg cupmeister, tek Hovland sitt andre cupgull. Han var også med å vinne cupen med Molde i 2013.

Cupfinalen mellom Rosenborg og Strømsgodset, som har sogndølen Johan Hove i troppen, kan du følge minutt for minutt øvst i denne saka.

Elles frå cupfinalehelga:

Artikkeltags