No er han klar for utlandet

Per Egil Flo har signert for den tsjekkiske klubben Slavia Praha.

Per Egil Flo har signert for den tsjekkiske klubben Slavia Praha. Foto:

Per Egil Flo skal til Tsjekkia for sitt neste proff-eventyr.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Stryningen Per Egil Flo er klar for tsjekkiske Slavia Praha, det melder Romsdals Budstikke på sine nettsider.

Dermed forlèt venstrebacken Molde etter å ha vore i klubben sidan 2013. I år blei han kåra til årets spelar av lokalavisa i Molde.

Flo si kontrakt med Molde går ut ved årsskiftet, og den tidlegare Stryn- og Sogndal-spelaren la aldri skjul på at han ønska å komme seg ut av landet.

På Slavia Praha sine heimesider seier Flo følgande.

– Slavia er ein stor klubb med stor historie, og sjølv om eg hadde andre moglegheiter valde eg Slavia.

Også toppsjef i klubben, Martin Krob, har uttalt seg om nordfjordingen.

– Vi er glade for at Per Egil Flo er ein del av laget. Vi meiner vi har valt ein venstreback av aller høgaste kvalitet, seier Krob.

Artikkeltags