Vestlandsoppgjer i cupen: Sogndal møter Brann

DEN GANG DÅ: Eirik Schulze og Sogndal utlikna til 1-1 på Brann stadion den 9. september 2017. Kampen enda 2-1 til bergensarane.

DEN GANG DÅ: Eirik Schulze og Sogndal utlikna til 1-1 på Brann stadion den 9. september 2017. Kampen enda 2-1 til bergensarane. Foto:

Naborivalane møtest til 3. runde i cupen onsdag 19. juni på Fosshaugane Campus.

DEL

– Alle eliteserielaga har bortekamp i tredje runde. Vi har også forsøkt å unngå oppsett av lag som har møtt kvarandre i cupen dei siste tre til fire åra, samstundes som vi ønskjer å lage nokre gode lokaloppgjer. Vi både håpar og trur at tredje runde vil gje spennande kampar som skapar stort engasjement rundt om i landet.

Det seier seksjonsleiar for kampadministrasjon i NFF, Rune Pedersen i ei pressemelding.

Sogndal skal møte Brann heime på Fosshaugane.

Dette er kampane i 3. runde:

Grorud – Mjøndalen

Bærum – Vålerenga

Skeid - Ranheim

Strømmen – Lillestrøm

Ull/Kisa – Rosenborg

Sandefjord – Odd

Fram – Strømsgodset

Sandnes Ulf – Viking

Bryne – Haugesund

Nest-Sotra – KFUM Oslo

Sogndal – Brann

Aalesund – Molde

Levanger – Kristiansund

Tromsdalen – Sarpsborg 08

20/6:

Kongsvinger – Tromsø

Alta – Stabæk

4. runde skal spelast allereie 26. juni. Kven som møter kven blir trekt, opplyser NFF.

PS! Det har også vore landslagsuttak måndag. Ingen frå fylket blei tatt ut.

Artikkeltags