Store jubelscener i Sogndal. No møter dei Aalesund på torsdag

FOTBALL: Haugen førte Sogndal eit steg nærare Eliteserien.

DEL

Sogndal vann 1–0 over Ull/Kisa etter scoring av Sigurd Haugen på overtid. No møter dei Aalesund på torsdag i Ålesund. Laget som går sigrande ut av den kampen møter Stabæk i ein dobbeltkamp 5. og 9. desember. Vinnaren der igjen vil då spele i Eliteserien 2019.

Før kampen:

– Vi har sett fram til denne kampen lenge. Det skal bli godt å få den overstått. Det blir ein tøff kamp, og det er mykje som står på spel.

Det seier Sogndal-trenar, Eirik Bakke.

2018-sesongen har hatt mange opp- og nedturar for laget frå Sogn. Det har gjort til at ambisjonane har måtta justerast deretter.

– Eg er imponert over det laget har fått til. Vi har fått oss mange på trynet i løpet av sesongen, men røyst oss. Eg vil seie at vi har kjempa oss til kvalik.

– I år har vi meir energi

I tillegg til salet av Even Hovland har fjorårets kanskje beste Sogndal-spelar, Martin Ramsland, vore ute heile sesongen med skade. Sommarens kjøp, Trond Olsen, fekk berre fire kampar i Sogndal-drakta før han vart skadd.

Troppen består av ein miks av unge og godt etablerte fotballnamn. Bakke trekk fram Ulrik Flo, Kjetil Wæhler og Bjørn Helge Riise som spesielt viktige inn mot kvalik-kampen.

NY SJANSE: – Vi har tapt ein del heimekampar heime i år, og det er truleg mykje av årsaka til at vi ikkje fekk direkte opprykk. Men vi er der vi fortener å vere. No har vi fått ei ny moglegheit, og den må vi ta vare på, seier Eirik Bakke.

NY SJANSE: – Vi har tapt ein del heimekampar heime i år, og det er truleg mykje av årsaka til at vi ikkje fekk direkte opprykk. Men vi er der vi fortener å vere. No har vi fått ei ny moglegheit, og den må vi ta vare på, seier Eirik Bakke. Foto:

– Dei har vore med på slike viktige kampar tidlegare. Dei skapar tryggleik i spelargruppa, meiner Bakke.

– Kva har de lært av fjorårets kvalifisering?

Vi har ein litt anna inngang no enn då. I fjor spelte vi tre kampar på seks dagar. Mot Ranheim var vi favorittar, medan i år kan vi slå nedanfrå og opp.

– De fekk mykje pes for å vere defensive i kvalik-kampane.

– Ja. Vi vart liggande å ta imot i 180 minutt. Dette var ikkje noko vi ønskte, men kreftene var ikkje der. No har vi meir energi. Gutane ser pigge ut, svarar Bakke.

– Alt er mogleg

Sogndal har ingen spesielt god heimestatistikk å vise til i år. Dei har også tapt begge kampane mot Ull/Kisa i sesongen.

Likevel meiner Bakke at Sogndal har ein klar fordel av å spele på heimebane.

– Då har vi heimepublikummet i ryggen. Det blir ei heilt anna stemning. Vi treng den 12. mann meir enn nokon gong. Så folk i Sogndal og fylket må vise si gjestingstid. Kampen går klokka 16.00 på ein søndag. Så det finst ingen unnskylding for å ikkje komme, seier Sogndal-trenaren.

Han har hatt ein startellevar i tankane i fleire dagar, men ingenting er heilt bestemt før spelarmøtet søndag ettermiddag.

– Søv du godt før kamp?

– Ja, det har eg som regel ingen problem med. Det er ofte verre etter kamp. Då blir eg liggande å tenke, svarar Bakke.

Men sommarfuglar i magen skal ein ha, meiner han. Når dommaren bles i fløyta klokka 16.00 i ettermiddag, forventar Bakke at alle er skjerpa.

– Vi må har ein draum om å spele i Eliteserien. Kvalifiseringskampane lever sitt eige liv, og alt må klaffe for at vi skal klare det, men alt er mogleg. Vi skal gå «all in».

Artikkeltags