Sogndal tapte for Aalesund – må spele førstedivisjon også til neste år

FOTBALL: Aalesund var klart best i opprykkskampen. Med 3–1-tap måtte Sogndal sjå at det var dei oransje som får kjempe vidare om eliteseriespel.

DEL

Føresetnadene var klare før torsdagens kamp. Sogndal måtte vinne for å få spele neste kvalifiseringskamp mot Stabæk.

Men slik skulle det ikkje gå, for etter ein treg førsteomgang rann måla inn i andre. Men dessverre var det Aalesund som scora flest av dei.

Heimelaget tok Først leiinga på straffe, før Sogndal svara berre to minutt etter ved Ulrik Fredriksen. Utlikninga varte rett nok ikkje lenge, for berre fem minutt seinare scora Pape Habib Gueye Aalesund sitt 2–1-mål.

På overtid kom den siste kistespikaren, då samme mann scora sitt andre mål for kvelden, med ein frekk lobb over mathias Dyngeland i Sogndal-buret.

Med det var opprykksreisa over for Sogndal, og det blir Aalesund som skal møte Stabæk 5.- og 9. desember.

Sjå referat frå kampen øvst i saka.


Artikkeltags