Sogndal-spelar Bjørn Helge Riise (35) legg opp

LEGG OPP: Sogndal-spelar Bjørn Helge Riise legg fotballskoa på hylla.

LEGG OPP: Sogndal-spelar Bjørn Helge Riise legg fotballskoa på hylla. Foto:

FOTBALL: No skal han satse på ei trenarkarriere.

DEL

– I fotball blir du aldri utlært. Eg er audmjuk, veit eg har ein lang veg å gå, men eg har store ambisjonar, seier Bjørn Helge Riise til VG.

Den tidlegare utanlandsproffen kom til Sogndal i august same dag som overgangsvindauget stengde. Kontrakten varte ut året. No har altså fotballspelaren valt å legge opp.

– Avgjersla tok eg i jula, men den har lege der ei stund, eg har tenkt lenge på dette. No er ho tatt, og målet er å få meg jobb som fotballtrenar så raskt som mogleg, for å kunne vidareutvikle meg, seier Riise til avisa.

35-åringen har vore innom mange klubbar på sin veg, men ser tilbake på karrieren med stoltheit.

– Eg klarte alle dei måla eg sette meg – tidleg, og det er eg stolt av. Debuten i belgisk fotball som 19-åring, tida i Lillestrøm, debuten på A-landslaget – og i Premier League med Fulham, der eg fekk spele med og mot eliten i internasjonal fotball, eg fekk bevist at eg dugde. Og no er eg klar for eit nytt kapittel i livet mitt, seier Bjørn Helge Riise.

Artikkeltags