Sogndal sender to spelarar på utlån ut sesongen

UTLÅN: Simen Brekkhus reiser på eit nytt låneopphald, denne gong til Åsane.

UTLÅN: Simen Brekkhus reiser på eit nytt låneopphald, denne gong til Åsane. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FOTBALL: Simen Brekkhus og Fredrik Flo vert sendt ut på lån ut sesongen.

DEL

Simen Brekkhus går på utlån til Åsane og Fredrik Flo går på utlån til Bryne, skriv Sogn Avis.

– Det blir veldig bra for Simen og Fredrik. Det er viktig for desse å finne dei rette miljøa for vidare utvikling. Dette blir eit nytt steg og nivå for dei to. Dei treng ein kvardag der dei får meir speletid, fortel sportsleg leiar Håvard Flo til Sogn Avis.

Både Simen Brekkhus og Fredrik Flo har fått lite speletid i årets Eliteserie. Brekkhus har fått starte ein kamp og har vore bytta inn tre gongar og Flo har fått to innhopp.

NYTT LÅNEOPPHALD: Fredrik Flo var i fjor på utlån til Fana, no skal han spele resten av sesongen for Bryne. Her saman med far og sportsleg leiar i Sogndal Håvard Flo.

NYTT LÅNEOPPHALD: Fredrik Flo var i fjor på utlån til Fana, no skal han spele resten av sesongen for Bryne. Her saman med far og sportsleg leiar i Sogndal Håvard Flo. Foto:

Tidlegare Førde-utlånte Edin Øy kjem tilbake frå låneopphaldet i Fana og Magnus Pedersen kjem tilbake frå eit utlån til Elverum.

– Vi jobbar med logistikken i forhold til utlån. Vi ser på kva som er best mogleg utvikling for spelarane våre, seier Flo til Sogn Avis.

Artikkeltags