Sogndal G19 er skandinaviske meistrar

FØRRE SØNDAG: Sogndal vann NM for juniorar søndag 2. desember. I dag kan dei vinne Skandinavisk meisterskap.

FØRRE SØNDAG: Sogndal vann NM for juniorar søndag 2. desember. I dag kan dei vinne Skandinavisk meisterskap. Foto:

FOTBALL: Vann 1-0 mot Århus-klubben AGF i Skandinavisk meisterskap søndag.

DEL

Fredag tok Sogndals G19-lag seg til finalen i Skandinavisk meisterskap, då dei slo svenske BK Häcken 3-1.

Søndag slo dei Håvard Flos gamle klubb, AGF, 1-0 i finalen. Målskårar i kampen var Mathias Sundberg (16) frå Sogndal.

Med det sikra dei seg sin andre meisterskapstittel på ei veke. Dei er også det første norske laget til å vinne skandinavisk meisterskap.

Førre søndag vart Sogndal G19 norgesmeistrar då dei vann 3-1 mot Rosenborg.

Firda kjem tilbake med meir.

Artikkeltags