Sogndal Fotball fekk nynorskpris: – Denne er vi utruleg glade for!

FEKK PRIS: Sportssjef Håvard Flo (t.v.) tek mot Nynorsk næringslivspris 2018 frå Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

FEKK PRIS: Sportssjef Håvard Flo (t.v.) tek mot Nynorsk næringslivspris 2018 frå Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Foto:

FOTBALL: Sportssjef Håvard Flo tok imot prisen i Sarpsborg torsdag.

DEL

– Når Sogndal Fotball gjennomført brukar nynorsk, gir det eit signal til både norsk toppfotball og andre om at nynorsk er eit heilt kurant skriftspråk på alle arenaer i Noreg.

Det seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Torsdag vart Nynorsk næringslivspris 2018 delt ut. Sportsleg leiar Håvard Flo er glad for prisen.

– Både nynorsk og sognemål er ein viktig del av vår identitet, sa sportssjefen etter overrekkinga.

Juryen meiner Sogndal Fotball ikkje er ein tradisjonell næringslivsaktør. I grunngjevinga står det:

– Vi legg vekt på å gje prisen til firma som i praksis utvidar området der folk flest i dette landet møter nynorsken. Sogndal Fotball er eit slikt firma, ein fotballklubb som er stolte nynorskbrukarar.

Noregs Mållag har delt ut Nynorsk næringslivspris sidan 2006, og Sogndal Fotball er tiande i rekka som får prisen.

Aasbrenn fortel at konkurransen blir hardare for kvart år.

– Nynorsken seglar i medvind i næringslivet, for det ser ut til at stadig fleire næringsdrivande nyttar nynorsk som marknadsføringsspråk.

Tidlegare vinnarar av prisen er mellom andre Kleven Maritime, Ægir Bryggeri, Dyrsku'n og Lerum.

I juryen: Magne Aasbrenn, Olin Johanne Henden, Arne Hjeltnes, Nina Berge Rudi og Øystein Skjæveland.

Artikkeltags