Sigurd Haugen (22) går frå Sogndal til belgisk klubb

PÅ TRENING: Dette bildet er teke på ei av dei siste treningane før sesongstart i år.  Sigurd Haugen i midten,  Martin Ramsland til venstre og Ulrik Flo til høgre. (Rekkefølge frå venstre). Sogndaltrening veka før seriestart 2019-sesongen.

PÅ TRENING: Dette bildet er teke på ei av dei siste treningane før sesongstart i år. Sigurd Haugen i midten, Martin Ramsland til venstre og Ulrik Flo til høgre. (Rekkefølge frå venstre). Sogndaltrening veka før seriestart 2019-sesongen. Foto:

La Royale Union Saint-Gilloise heiter den nye klubben til Sigurd Hauso Haugen.

DEL

Det stadfestar Sogndal Fotball til Sogn Avis fredag.

I ei pressemelding dei har sendt til Sogn Avis skriv Sogndal Fotball at det har vore stor interesse for Haugen over tid. Dei har vurdert for og imot sal av ein så viktig spelar, og har komme til eit punkt der dei meiner sal er rett for både spelar og klubb.

Haugen hadde 1,5 år igjen av kontrakten med Sogndal. Eirik Bakke seier til avisa at salet av Haugen gir rom for nye talent, og er samtidig med å betre økonomien til klubben. Han skildrar Haugen som det største spisstalentet som har vore i Sogndal på lang tid, og ønsker han lykke til vidare.

Artikkeltags