Gå til sidens hovedinnhold

Otoo sette fyr på kampen

Artikkelen er over 5 år gammel

Sogndal vann onsdagens kamp mot Kristiansund med 4-3, og er dermed vinnar av årets 1. divisjon. Noko som gjev innpå ein million kroner i klubbkassa.

Kampen mellom Sogndal og Kristiansund kunne du følge minutt for minutt i Firda-liven.

Millionar i potten

Dagleg leiar i Sogndal, Egil Mundal, stadfesta at oppgjeret mot Kristiansund betydde mykje økonomisk.

– Jo, det stemmer at dette betyr mykje, og dette er på mange måtar ein kamp om både poeng og pengar. Berre med tanke på medieavtalen, så betyr ein førsteplass opp mot ein andreplass i 1. divisjon nesten ein million kroner. Og med siger mot Kristiansund, så er det i boks, seier Mundal.

– Godt at dette skulle bli avgjort med ein siger i kveld. Då blir det også raketter på Fosshaugane Campus, smiler Mundal.

Hjelp til Brann

Med 4-3-sigeren over Kristiansunnd er det også klart at Sogndal gav ei hjelpande hand til Brann, som med sju poengs margin til nordmørsklubben på tredjeplass, vil bli nummer to i årets OBOS-liga.

Det var ghanesaren Matahma Otoo som første sette fyr på Sogndal med to scoringar føre kvilen. Og når Kristian Fardal Opseth og Thomas Drage tidleg i 2. omgang, auka leiinga, kunne Eirik Bakke trygt sjå at tre nye poeng vart verande på Fort Fosshaugane Campus. For etter denne kampen har laget på sine 14 heimekampar fantastiske 10 sigrar, tre uavgjorte og berre eitt tap.

Kommentarer til denne saken