Nær sigeren, men det heldt ikkje

Sogndal og Odd Grenland delte poenga på Fosshaugane.

Sogndal og Odd Grenland delte poenga på Fosshaugane. Foto:

FOTBALL: Sogndal var det laget som var nærast sigeren då dei møtte Odd på Fosshaugane.

DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

Det enda 0-0 i møte mellom Sogndal og Odd på Fosshaugane Campus søndag.

Trass i at Odd var det laget som hadde ballen mest, var Sogndal det laget som var nærast sigeren.

Og aller nærast kom Sogndal sin toppscorar, Martin Ramsland.

Han burde sikra laget tre poeng etter 76 minutt.

Gilbert Koomson sette i gong ei kontring, og Sogndal kom to mot ein. Han tima pasninga til Martin Ramsland perfekt, og etter ei skotfinte var det berre å hamre til mot mål.

Men avslutninga vart dårleg, og Sondre Rossbach redda greitt med ein beinparade.

Etter det var det gjestane som var det førande laget, men dei greidde ikkje komme til dei store sjansane mot eit særs solid Sogndal-forsvar.

Dermed ebba det ut med 0-0 på Fosshaugane, som i neste runde skal til Lerkendal og møte Rosenborg.

Artikkeltags