Ingen tiltale mot Sogndal-spelar etter valdtektsetterforsking

Artikkelen er over 4 år gammel

Før jul vart ein Sogndal-spelar meldt til politiet for valdtekt i Stockholm.

DEL

No er saka mot Sogndal-spelaren som vart meldt til politiet for valdtekt i november i fjor avslutta.

Utan at det blir reist tiltale.

– Som arbeidsgjevar er vi glade for at det har komme ein konklusjon i ei vanskeleg sak, seier daglege leiar i Sogndal Egil Mundal i ei pressemelding.

Det blir opplyst at klubben ikkje ønskjer å kommentere hendinga ut over dette.

Vart teken inn til avhøyr

Hendinga skjedde etter at sesongen var avslutta i Norge i fjor. Då var fleire Sogndal-spelarar samla i Stockholm. Og ifølgje kvinna som melde saka til politiet kom nokre Sogndal-spelarar i kontakt med nokre kvinner over dating-appen Tinder.

Etter ein bytur enda dei på hotellet der spelarane budde, og det var her det blei påstått at valdtekta skjedde.

Politiet tok ein spelar inn på stasjonen for avhøyr etter hendinga, og først i dag kom pressemeldinga om at det ikkje vert reist tiltale i saka.

Artikkeltags