Hovland: – Har ikkje hastverk. Fleire klubbar har komme med førespurnader

Even Hovland var til stades på Fosshaugane og såg Sogndal sitt møte med Odd. Blir han ny Sogndal-spelar?

Even Hovland var til stades på Fosshaugane og såg Sogndal sitt møte med Odd. Blir han ny Sogndal-spelar? Foto:

FOTBALL: Even Hovland var til stades på Fosshaugane Campus då Sogndal møtte Odd.

DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

Frå tribuneplass sat landslagsstoppar og kontraktslause Even Hovland og følgde Sogndal sitt 0-0-oppgjer mot Odd.

Tidlegare søndag skreiv Firda at Sogndal har strekt seg så langt dei klarar og gitt han eit tilbod om kontrakt med klubben.

– Det stemmer at eg har fått eit tilbod frå dei, men eg har ikkje bestemt meg enno, seier Hovland til Firda i pausen på Fosshaugane.

Har alltid planlagt Sogndal-comeback

Han fortel at han ønskjer å bruke litt tid på å tenkje seg om, før han tek ei endeleg avgjerd om kvar vegen går vidare.

– Eg har ikkje hastverk. Eg kan ikkje spele i Norge før i midten av juli, trur eg, seier Hovland.

Han kjøpte seg hus i Sogndal før han enda opp som Tyskland-proff, og han legg ikkje skjul på at det å komme tilbake til Sogndal ligg i bakhovudet.

– Det har alltid vore ein plan å spele for Sogndal igjen, men så spørst det om det blir no eller seinare, seier Hovland.

– Har du fått tilbod frå andre klubbar?

– Det er Jim Solbakken som handterer det. Han kjem til meg når det ligg noko på bordet. Men det har vore andre klubbar som har teke kontakt, seier Hovland.

– Kvar ønskjer du å spele då? I Norge eller utlandet?

– Det var moro å spele i utlandet, men det handlar om kva tilbod som kjem, og kva som er rett for familien. Olivia er to år no, så det er nokre år til ho skal byrje på skule, seier Hovland.

Hamna i kulden

Han legg ikkje skjul på at den siste delen av opphaldet i Tyskland ikkje gav meirsmak. Klubben, Nürnberg, bytte trenar, og midtstopparen frå Vadheim hamna heilt ute i kulden.

– Det var ikkje nøye med kven som var ute, eg kom ikkje inn uansett. Eg fekk aldri sjansen under han. Men eg greidde å motivere meg til å gå på trening. Det hjelpte å vere ein del av landslagstroppen, seier Hovland.

Men mangelen på speletid har etter kvart gått ut over den posisjonen og. For som ein har sett under Lars Lagerbäck, er ikkje Hovland sjølvskriven på laget til Norge lenger.

Difor blir det ein del av totalbildet når han no skal finne seg ein ny klubb.

– Det viktigaste for meg er å finne ein klubb der eg får speletid, om ikkje hamnar ein bak i rekkene. Men eg har ikkje sett ein tidsfrist på kor tid eg skal ha ein ny klubb, seier Hovland.

At han trivst på Fosshaugane er det derimot liten tvil om. For når han først er heime i Sogn, vart det ein tur på kamp.

– Det er moro å vere her. Her er jo spelarar eg har spelt saman med før. Så det må ein opp for å sjå, seier Hovland.

Ein av dei han har spelt saman med, er noverande Sogndal-trenar Eirik Bakke. Då han hasta gjennom pressesona for å rekke flyet etter 0-0-kampen mot Odd, tok han seg tid til å understreke at dei ønskjer Hovland.

– Eg håpar han blir Sogndal-spelar. Vi har gitt han eit tilbod, som er umogleg å avslå. Han skal få gratis saft resten av livet, seier Bakke og dreg på smilebandet før han forsvinn ut dørene.

Artikkeltags