Her kan du følgje vestlandsderbyet minutt for minutt

Brann har berre vunne ein av dei siste ni kampane på Fosshaugane. Klarar Sogndal å sende storebror ut av cupen i kveld?

DEL

Etter ein dårleg start har Sogndal vunne tre av dei siste fire kampane sine, seinast mot Strømmen då dei vann 4-2 søndag.

Brann kjempar i toppen av Eliteserien og ligg på fjerdeplass, sju poeng bak serieleiar Molde. Sist bergensarane vann mot Sogndal var for to år sidan.

På sin veg til Ullevaal har sogningane slått Stryn og Hødd, medan Brann har sigra mot Arna-Bjørnar og Åsane.

Det er venta mykje folk på tribunen i kveld, men om du ikkje får reist inn, kan du følgje kampen direkte i Firda-liven. Avspark er klokka 18.00.

Norgesmeisterskapen i fotball for menn har to kvalifiseringsrundar, og fire ordinære rundar. Deretter følgjer kvartfinalar, semifinalar og finale.

Artikkeltags