– Håpar på sambafotball i minusgrader

SAMBAFOTBALL: Her jublar Chidiebere Nwakali for scoring mot Vålerenga på søndag.

SAMBAFOTBALL: Her jublar Chidiebere Nwakali for scoring mot Vålerenga på søndag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FOTBALL: - Vi kan nærme oss publikumsrekord.

DEL

Interessa for den første kvalifiseringskampen mellom Sogndal og Ranheim har skote i vêret dei to siste dagane. Tre timar føre kampstart har Sogndal Fotball selt over 4000 billettar.

– Interessa har vore formidabel dei to siste dagane. Og det at denne kampen skal bli spelt klokka 18.00 onsdag kveld, vart først klart seint søndag, så vi har ikkje hatt særleg god tid til å marknadsføre denne kampen. Men vi ser at lovnaden om 50 000 kroner til den organisasjonen eller gruppa som lagar mest liv på tribunane, har gitt auka interesse, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, rett føre kampen.

Mange skular

Dette er eit initiativ som ein av sponsorane til Sogndal Fotball har lansert, og i tillegg har Sogndal Fotball gått ut med invitasjon til skulane rundt bygda.

– Vi har invitert inn skulane i Leikanger, Sogndal, Hafslo og Luster. Og mange av dei vil nok vere med på å lage god stemning i denne viktige kampen, seier Mundal.

Publikumsrekorden på Fosshaugane Campus i 2017-sesongen er frå nabooppgjeret mot Brann. Då var det litt over 5000 på tribunane.

– Og då drog sjølvsagt Brann-supporterane opp ein del. Og Ranheim har jo ikkje akkurat noko stor supporter-gruppe. Men vi er godt nøgde med over 4000, seier Mundal.

Kampen kan du følge minutt for minutt i Firda-liven.

Gradestokken i bilen viste minus 14 grader midt på dagen i Sogndalsdalen onsdag. På Fosshaugane Campus er det minus sju.

Gradestokken i bilen viste minus 14 grader midt på dagen i Sogndalsdalen onsdag. På Fosshaugane Campus er det minus sju. Foto:

 

Kaldt i Sogndal

Samstundes med stor interesse for kampen, så har også gradestokken vore tema for dei siste dagane. Då Firda køyrde innover til Sogndal onsdag ettermiddag, viste gradestokken 14 minusgrader ved Hodlekve, medan den var nede på sju grader i Sogndal sentrum.

– Spelarane trente på kamptidspunktet 18.00 tysdag kveld, for å venje seg til underlaget. Undervarmen står på for fullt, men det kan vere greitt å få erfaring på å spele fotball i så mange minusgrader, seier Mundal, som likevel håpar på sambafotball i minusgrader onsdag kveld.

– Vi såg at den fotballen laget viste mot Vålerenga på søndag, skapte god stemning. Vi håpar på det same i kveld. Men folk må kle seg godt, seier Mundal.

Dette er Sogndal sin kamptropp til den første kvalifiseringskampen om plass i Eliteserien i 2018: Mathias Lønne Dyngeland, Tarjei Omenås, Even Hovland, Bendik Bye, Eirik Birkelund, Ole Martin Rindarøy, Gilbert Koomson, Taijo Teniste, Chidiebere Nwakali, Reiss Greenidge, Martin Ramsland, Markus Brændsrød, Joachim Soltvedt, Eirik Schulze, Per Magnus Steiring, Bjørn Inge Utvik, Kjetil Wæhler og Stanisa Mandic.

Artikkeltags