Gå til sidens hovedinnhold

– Dette enda dårleg for begge partar

Artikkelen er over 4 år gammel

Eirik Bakke er klar på at Sogndal hadde lyst til å sikre Peter Orry Larsen, men er skuffa over rådgjevarane til nordfjordingen.

– Peter er ein fin gut, men denne saka blei ser berre dårleg ut. Han har ein rådgjevar som ... kva skal eg seie. Vi ikkje opplever som truverdig, seier Eirik Bakke om den famøse overgangssagaen kring midtbanespelar Peter Orry Larsen.

Spelaren frå Vågsøy står utan kontrakt i Aalesund, og hadde ifølge Eirik Bakke takka ja munnleg til Sogndal. Men den dagen han skulle komme og signere papira høyrde ikkje klubben noko frå han, før dei las i avisene at Orry Larsen var aktuell for Brann.

Ifølgje spelaren sjølv har det aldri komme noko tilbod frå Brann, og han blei hindra til å møte av familiære årsaker.

– Det er viktig å ha rette folka rundt seg. Men det ein kan lære av denne saka, er at ein må ta kontakt. Eg hadde likt om han ringde meg og fortalde korleis ting var. Om det er andre klubbar som kjem på banen, så toler eg å høyre det. Eg har ikkje problem med at ein vil snakke med andre, skal ein komme til Sogndal må det vere noko ein ønskjer, seier Bakke, og legg til:

– Både vi og Peter vart taparane her. Så får vi berre sjå kven som blir vinnaren. Om det blir nokon i raude drakter. Men Peter er ein fin gut, og eg ønskjer han lykke til vidare, berre han ikkje scorar mot oss, seier Bakke.

Kommentarer til denne saken