Breimning kåra til årets fotballtalent

ÅRETS FOTBALLSPELAR: Sogndal-keeper Håvard Hetle (15) vann prestisjetung kåring.

ÅRETS FOTBALLSPELAR: Sogndal-keeper Håvard Hetle (15) vann prestisjetung kåring. Foto:

SPORT: Med denne kåringa går keeperen Håvard Hetle (15) i same fotspora som Martin Ødegaard, Martin Samuelsen og Mads Møller Dælhie.

DEL

– Eg trudde eigentleg at nokon av dei andre kom til å vinne ettersom dei er så gode. Eg fekk derfor heilt sjokk då eg fekk vite at eg vann. Det er veldig kjekt å bli kåra til Årets fotballtalent, seier breimningen Håvard Hetle i ei pressemelding.

Kåra på direkten

På måndag vart 15-åringen kåra til årets fotballtalent av ein jury beståande av Brede Hangeland, Jesper Mathisen og Solveig Gulbrandsen. Avgjersla skjedde på direkten under den TV2-sende landskampen mellom Kypros og Norge.

Hetle var ein av seks nominerte i både gute- og jenteklassen. Årets fotballtalent utkonkurrerte mellom andre Sondre Auklend (Viking) og Bryan Solhaug Fiabema (Tromsø IL).

– Eg har alltid fått lov til å trene så mykje eg vil. Eg trur det har bidrege til at eg har blitt kåra til årets fotballtalent, seier Hetle.

Imponert

Keepertalentet har signert proffkontrakt med Sogndal og debuterte på G15-landslaget i fjor haust. For tida er Hetle utleigd til Stryn.

 – Håvard har lagt ned ein imponerande innsats over tid, og kombinert det med både læringsvilje og glød. Det er nettopp desse eigenskapane som kjenneteiknar dei største talenta vi har i Norge.

Dette seier Cathrine Instebø i ei pressemelding. Ho er sponsorsjef i Equinor sitt talentutviklingsprogram Morgendagens Helter, som saman med TV2 og NFF står bak kåringa.

Også tidlegare Start-spelar og jurymedlem Jesper Mathisen skryt av Hetle i pressemeldinga:

– Håvard er ein spennande keeper med god teknikk og ein enorm fysikk. Han har eit fantastisk grunnlag for å utvikle seg i åra som kjem, seier Mathisen.

Hetle og årets vinnar i dameklassen, Linnea Laupstad frå Morild IL, kan no sjå fram til ein draumedag saman med kvar sitt A-landslag.

Artikkeltags