Fleire nabooppgjer i lokalfotballen

MØTER ÅRDAL: Mathias Flo og Fjøra skal spele 16. mai-kamp mot Årdal i kveld. Her frå ein treningskamp mot Førde i fjor.

MØTER ÅRDAL: Mathias Flo og Fjøra skal spele 16. mai-kamp mot Årdal i kveld. Her frå ein treningskamp mot Førde i fjor. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FOTBALL: Det vert spelt fire lokaloppgjer i 4. divisjon 16. mai. Følg dei i Firda-liven.

DEL

Tysdag fekk endeleg Dale sin første siger i årets 4. divisjon då dei vann 3–1 borte mot Vik. Med den sigeren har Dale no fire poeng etter fem kampar.

Det einaste laget som ligg bak dei, Tornado Måløy med null poeng, skal ut i Vågsøy-derby 16. mai. Då møter dei Skavøypoll på bortebane.

Denne kampen er ikkje det einaste lokaloppgjeret i Nordfjord 16. mai. På Eid stadion er det duka for ein skikkeleg klassikar i lokalfotballen når Eid får besøk av Stryn.

Også i Sogn vert det spelt to lokaloppgjer i kveld. Fjøra har full pott etter fire kampar og toppar 4. divisjon. I kveld tek dei turen til Indre Sogn for å møte Årdal.

Éin time tidlegare enn dei tre nemnde kampane startar kampen mellom Kaupanger og Studentspretten.

Artikkeltags