Enorme målfestar og stor dramatikk

TAPTE: Benny Rivedal (t.v.), Jan-Anders Tonning Wichstrøm og resten av Dale-laget var allereie sikra ny kontrakt i 4. divisjon før dagens kamp, og hadde difor ikkje mykje å spele om mot Tornado Måløy. Det hadde derimot gjestane frå Nordfjord som banka Dale 4-1. Her frå ein tidlegare - og meir lystigare - kamp.

TAPTE: Benny Rivedal (t.v.), Jan-Anders Tonning Wichstrøm og resten av Dale-laget var allereie sikra ny kontrakt i 4. divisjon før dagens kamp, og hadde difor ikkje mykje å spele om mot Tornado Måløy. Det hadde derimot gjestane frå Nordfjord som banka Dale 4-1. Her frå ein tidlegare - og meir lystigare - kamp. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FOTBALL: Vik og Skavøypoll rykker ned til 5. divisjon etter laurdagens thrillerrunde i 4. divisjon

DEL

Det var knytt stor spenning til den siste serierunden i 4. divisjon i fotball laurdag ettermiddag. Både Tornado Måløy, Bremanger, Vik og Skavøypoll sto i fare for å rykke ned før kampstart.

Til slutt vart det Vik og Skavøypoll som må ta den tunge turen ned ein divisjon etter dei begge gjekk på tap. Skavøypoll tapte heile 1–10 borte mot Eid, medan Vik tapte 3–4 heime mot Florø 2 i ein dramatisk kamp med mellom anna to raude kort.

Det vil seie at Bremanger og Tornado Måløy held plassen i dag, men for Bremanger sin del har dei nok ein flau smak i munnen likevel. Heile 12–0 vann Fjøra over Bremanger! Åtte (!) av desse vart scora av Malvin Gjerde, som med det vert toppscorar i 4. divisjon med 30 mål. Gjerde og Fjøra vert neste år å finne på nivået over. Dei vann nemleg 4. divisjon og er klare for opprykk.

Når det gjeld Tornado Måløy gjorde dei jobben sjølve med å ta ein sterk 4-1-siger på Dingemoen over Dale.

PS: Om Sogndal 2 rykker ned frå 3. divisjon, vil det gå tre lag ned frå 4. divisjon. Då vil i så fall Bremanger går ned. Sogndal 2, som tapte 1-3 heime mot Viking 2 laurdag, ligg fire poeng over nedrykksstreken med to kampar att.

Andre resultat i 4. divisjon: Årdal-Studentspretten 1–4 og Stryn-Kaupanger 9–2.

Referat frå kampane finn du i Firda-liven.

Artikkeltags