11 spelarar frå fylket spelte frå start i Obos-ligaen og Eliteserien

BRA: Jan Tore Jåstad, spelarutviklar i fotballkrinsen, meiner vi skal vere stolt over kor mange fotballspelarar som kjem frå Sogn og Fjordane.

BRA: Jan Tore Jåstad, spelarutviklar i fotballkrinsen, meiner vi skal vere stolt over kor mange fotballspelarar som kjem frå Sogn og Fjordane. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FOTBALL: – Det synest eg vi skal vere godt fornøgd med, seier Jan Tore Jåstad, spelarutviklar i Sogn og Fjordane fotballkrins.

DEL

Søndag starta 11 spelarar frå fylket i dei to øvste divisjonane i herrefotball. Det syntest Jåstad fortente ei Twitter-melding.

– Eg og Marius Bø talde opp i bilen i går og kom fram til 11. Det er bra. Poenget mitt er at det veks opp spelarar frå fylket vårt som er med og pregar norsk toppfotball. Det synest eg vi skal vere godt fornøgd med, seier Jåstad.

At fylket har to herrelag i toppen av norsk fotball er fantastisk, meiner han.

– Toppfotballmiljøet i Florø og Sogndal er motiverande og gir barna nokon å sjå opp til. Det å ha eit sterkt lokomotiv er bra for rekrutteringa. Det blir sagt at breidde skapar topp, men topp skapar også breidde, seier Jåstad.

Han meiner kritikken mot at Sogndal ikkje nyttar seg av fylkesspelarar er unyansert. 

– Kven har sagt at alle skal spele der? At vi klarar å utvikle spelarar som hevdar seg nasjonalt og internasjonalt er noko vi skal vere stolte av, seier Jåstad.

På kvinnesida er det Kaupanger som står sterkast i Sogn og Fjordane. Dei spelar i den nest øvste divisjonen og opnar sesongen komande laurdag heime mot Fart.

– Kaupanger er det beste kvinnelaget i fylket og har vist seg å vere stabile. Vi har også ei handfull kvinnespelarar som hevdar seg i Toppserien og 1. divisjon, og det er supert, meiner Jåstad.

Spelarane som starta var:

  • Even Hovland, Vadheim. (Rosenborg)
  • Kristian Fardal Opseth, Kaupanger. (Bodø/Glimt)
  • Ulrik Flo, Stryn. (Sogndal)
  • Andre Frøyen Reksten, Florø. (Florø)
  • Vegar Heggenes Gjermundstad, Vadheim. (Florø)
  • Kristoffer Ryland, Florø. (Florø)
  • Peter Aase, Florø. (Florø)
  • Halvor Solheim-Olsen, Florø. (Florø)
  • Stefan Aase, Florø. (Florø)
  • Simen Reksten Solheim, Florø. (Florø)
  • Christer Husa, Florø. (Florø)

Artikkeltags