Lokalfotballen rullar igjen - følg 4. divisjon live

HAUSTSESONGEN STARTAR: Dale tek laurdag turen til Nordfjord for å møte Stryn. Karane på bildet er: Bak f.v: Benny Rivedal (trenar), Geir Loneland, Gard Høgseth Felde, Daniel Ulltang, Roman Eriksen, Andreas Bjørhovde Heggedal, Bendik Vik. Framme f. v.: Fredrik Lilleaasen, Ådne Aarberg, Ruben Holm, Trym Helle, Anders Ulvik Fleten, Adrian Myklebust.

HAUSTSESONGEN STARTAR: Dale tek laurdag turen til Nordfjord for å møte Stryn. Karane på bildet er: Bak f.v: Benny Rivedal (trenar), Geir Loneland, Gard Høgseth Felde, Daniel Ulltang, Roman Eriksen, Andreas Bjørhovde Heggedal, Bendik Vik. Framme f. v.: Fredrik Lilleaasen, Ådne Aarberg, Ruben Holm, Trym Helle, Anders Ulvik Fleten, Adrian Myklebust. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FOTBALL: Sommarferien er over. Haustsesongen er her. Laurdag vert det spelt fem kampar i 4. divisjon.

DEL

Kl. 14.00 startar første kampen, og den er mellom Årdal og Bremanger. Heimelaget ligg på 4.-plass, medan Bremanger er nummer ti.

Ein time seinare er det kampstart i tre kampar til. I Florø får Florø 2, som ligg nest sist, besøk av Eid. Nordfjordingane er laget som ligg nærmast serieleiar Fjøra, men er likevel fem poeng bak.

Divisjonens andre lag frå Sunnfjord, Dale, møter Stryn. Denne kampen vert spelt i Stryn. Dale er nummer sju på tabellen, medan Stryn er nummer fem.

I Sogndal er det klart for lokaloppgjer når Studentspretten får besøk av Vik. Dette er to lag som ligg midt på tabellen, og det skil berre tre poeng mellom laga.

Laurdagens siste kamp i 4. divisjon startar kl. 16.00. Då er det topp mot botn når serieleiar Fjøra tek turen til Måløy. Heimelaget Tornado Måløy ligg på 9.-plass, men har berre to poeng meir enn naboen Skavøypoll som ligg sist med åtte poeng. Sistnemnde møter Kaupanger måndag.

Artikkeltags