Finaledraumen brast for Linn-Mari og Norge

NESTEN: Linn-Mari Nilsen og Norge sitt J19-landslag tapte semifinalen i EM.

NESTEN: Linn-Mari Nilsen og Norge sitt J19-landslag tapte semifinalen i EM. Foto:

FOTBALL: Tyskland vart for tøffe for Norge i semifinalen i J19-EM.

DEL

Kaupanger-spelar Linn-Mari Nilsen frå Sande sto i mål, medan Thea Bjelde (Arna-Bjørnar) frå Sogndal spelte 86 minutt på Norge si midtbane. Elise Isolde Stenevik (Arna-Bjørnar) frå Florø sat på benken.

Trass i to lokale på bana vart dessverre Tyskland for sterke. Ei scoring rett før pause, og ei rett etter pause var det som skulle til.

Tyskland vann dermed 2–0 etter mål av Melissa Kössler og Anna-Lena Stolze.

I EM er det ingen bronsefinale, noko som betyr at Norge reiser heim med bronsemedalje. Sjølv om det vart ein tøff kamp mot Tyskland, der dei til slutt tapte fortent, har dei likevel all grunn til å vere fornøgd med innsatsen i europameisterskapet i Sveits.

Artikkeltags