Tøff motstand i treningskampane

Øystein Myrkaskog og Førde møter både Nest-Sotra, Florø og Hødd i vinterens treningskampar.

Øystein Myrkaskog og Førde møter både Nest-Sotra, Florø og Hødd i vinterens treningskampar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FOTBALL: Startar allereie neste veke.

DEL

Oppkøyringa til årets fotballsesong er i gang i dei fleste klubbar, og allereie kommande veke skal Førde spele sin første treningskamp. Då kjem sunnmørsklubben Volda til Hafstadparken for å måle krefter med mannskapet til Bjørn Totland.

– Vi har fått på plass 10 treningskampar føre alvoret startar i midten av april månad. Mellom anna skal vi møte OBOS-ligalaga Florø og Nest-Sotra i treningskampane denne vinteren, seier Førde-trenaren om årets oppkøyringsplan.

Les også: Florø og Sogndal sine treningskampar

– Dessutan skal vi på ei vekes treningssamling i Spania, og skal spele ein kamp der. Og føre sesongstarten i årets regionliga skal vi ut i minst ein kvalifiseringskamp i NM-cupen. Det er dei seks lokale klubbane Førde, Vik, Stryn, Eid, Årdal og Fjøra som skal spele første kvalifiseringsrunde, og denne vert spelt 21. mars. Og vi håpar sjølvsagt at det også skal bli fleire NM-kampar etter dette, seier Totland.

Kampane

Dette er Førde sine treningskampar vinteren 2018:

12. januar: Førde-Volda (Hafstadparken)

20. januar: Førde-Åsane 2 (Hafstadparken)

7. februar: Førde-Florø (Hafstadparken)

10. februar: Nest/Sotra-Førde (Sotrahallen)

17. februar: Førde-Brann 2 (Sognahallen)

24. februar: Førde-Træff (Nordfjordeid)

9. mars: Førde-Fjøra (Hafstadparken)

14. mars: Florø-Førde (Florø kunstgras)

21. mars: 1. kvalifiseringsrunde til NM-cupen

22.–28. mars: Treningsleiar i Spania med ein kamp

7. april: Hødd-Førde (Ulsteinvik)

Artikkeltags