Etter å ha storspela for Førde i 2. divisjon vart Ruben Holsæter signert av Sogndal sommaren 2011. Der har han spelt heilt fram til kontrakten gjekk ut etter årets sesong.

Det har den siste tida blitt spekulert i om Florø og 1. divisjon vert neste stopp for 25-åringen. Det blir det ikkje.

Førde Fotball melder nemleg onsdag at Holsæter har skrive under ein kontrakt med Førde.

– Vi er veldig glade for å få signert ein spelar av Ruben sitt kaliber for dei to kommande åra. Han vil vere ein nøkkelspelar for FørdeFotballen framover. Etter fleire år i Sogndal har han tileigna seg mykje erfaring og tek med seg en sterk treningskultur derfra som vi vil nytte oss av. Holsæter vil også vere sentral i profilen vår med sterkare lokal identitet, seier sportsleg leiar Johan Pettersen i pressemeldinga.