– Reiste frå Barcelona for å sjå Myrkaskog

Bodø/Glimt sin trenar Aasmund Bjørkan såg nærare på Øystein Myrkaskog i oppgjeret mot Frigg søndag.

Bodø/Glimt sin trenar Aasmund Bjørkan såg nærare på Øystein Myrkaskog i oppgjeret mot Frigg søndag. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Øystein Myrkaskog har den siste veka trent med tippeligaklubben Brann i samband med deira treningssamling i Florø. Men under Førde sin bortekamp i Oslo mot Frigg søndag ettermiddag dukka det opp ein ny tippeligatrenar med interesse for Førde sin toppscorar.

Frå Barcelona

– Eg fekk vite at Bodø/Glimt sin hovudtrenar Aasmund Bjørkan hadde teke turen opp frå Barcelona for å sjå på Øystein Myrkaskog. Og han såg oppgjeret på Tørteberg, seier Førde-trenar Julian Madsen rett etter 1-1-kampen.

Vanlegvis brukar ikkje Julian Madsen å fortelje spelarane sine at agentar kan vere på stadion for å følge dei nøyare, men denne gongen gjorde han eit unnatak.

– Eg brukar vanlegvis ikkje fortelje om slikt. Men då eg snakka med Øystein Myrkaskog seint på laurdag, høyrde eg at han var trøytt og sliten etter ei tøff veke med Brann. Då fortalde eg om at Bjørkan ville komme opp frå Barcelona, og at han burde vise seg frå si beste side. Noko han gjorde til gangs, seier Madsen og viser til at Førde-spissen var banas beste spelar. Saman med midtbane-propellen Simen Melhus.

Øystein Myrkaskog og Simen Lillevik jublar over sigeren mot Vard.

Øystein Myrkaskog og Simen Lillevik jublar over sigeren mot Vard. Foto:

God spiss

– Dei var i særklasse dei beste spelarane på bana. Og når det gjeld Aasmund Bjørkan og Bodø/Glimt, så har eg i lengre tid orientert dei om kva potensial som er i fleire av våre spelarar. Dei kjenner Eirik Lund Holm frå tida han hadde i Alta, men Myrkaskog var det tydeleg at dei hadde lyst til å bli litt meir kjent med, seier Madsen som hadde planar om å slå av ein prat med sin tidlegare kollega frå Bodø etter kampen.

– Men først må vi få pakka ned utstyret her i garderoben, seier Madsen etter 1–1 mot Frigg.

Artikkeltags