No skal han vise seg fram for Kongsvinger

VIL TIL OBOS: Øystein Myrkaskog skal neste veke trene med Kongsvinger.

VIL TIL OBOS: Øystein Myrkaskog skal neste veke trene med Kongsvinger. Foto:

FOTBALL: Vikjen Øystein Myrkaskog reiser til Kongsvinger neste veke for å trene med Hedmarks-laget.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Eg har snakka med dei, og reiser bort for å trene og helse på i neste veke. Men eg vil ikkje kalle det prøvespel. Dei startar opp etter ferien den veka, så det blir nok ikkje full trykk på treninga, seier Myrkaskog til NRK Sogn og Fjordane.

Han har kontrakt med Førde eitt år til, men ønskjer å spele i 1. divisjon. I fjor var han lånt ut til Åsane. Det gav meirsmak.

– Eg ønskjer å prøve ein heil sesong i Obosligaen, og ikkje berre ein halv slik som i fjor, seier han og stadfestar at han har hatt kontakt med tre 1. divisjonsklubbar: nyopprykka Florø, Åsane og fjorårets tapande cupfinalist Kongsvinger.

Men han har ikkje fått tilbod frå nokre av klubbane.

– Det er Florø eg har snakka mest med. Eg har hatt ein veldig god prat med dei, og det er freistande å vere med på eit slikt eventyr med lokalt lag i 1. divisjon, seier han og legg til:

– Det er eit vanskeleg, men viktig val, så eg ønskjer å vere sikker.

Artikkeltags