Kampen for å unngå nedrykk

Førde og Erlend Moen Taule spelar i dag ein svært viktig kamp for å overleve i 3. divisjon. Dei møter Haugesund 2 på Førde stadion klokka 13.00. Bildet er frå kampen mot Brann 2 i vår.

Førde og Erlend Moen Taule spelar i dag ein svært viktig kamp for å overleve i 3. divisjon. Dei møter Haugesund 2 på Førde stadion klokka 13.00. Bildet er frå kampen mot Brann 2 i vår. Foto:

Følg med på kampane.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Dei to lokale klubbane i fylket, Førde og Fjøra, kjempar ein innbiten kamp for å overleve i divisjonen. Begge ligg under nedrykksstreken, og spørsmålet er om dagens kampar kan gje dei håp om fornya kontrakt.

Kampen mellom Førde og Haugesund 2 kan du følge i Firda-liven frå klokka 13.00.

Vann sist

Etter at haustsesongen tok til hadde Førde heile åtte poeng opp til sikker plass. Men sist søndag vann dei 0–2 på bortebane mot Brann 2, og dermed fekk trenar Bjørn Totland og mannskapet fornya tru på at det skal vere mogleg å halde seg. Men allereie i dag ventar nye utfordringar på Førde stadion då Haugesund 2 vitjar klubben. Andrelaget til eliteserieklubben ligg berre poenget bak Førde, og kjempar også ein tøff kamp om å overleve i divisjon. Og det laget som i tilfelle sikrar seg ein trepoengar i dag, kan klatre opp i ryggen på dei laga som ligg på sikker plass.

For sogndalslaget Fjøra er situasjonen endå verre. Dei ligg heilt sist på tabellen, fire poeng bak Førde. I dag møter dei hordalandsklubben Os på Fosshaugane Campus og berre siger er godt nok for mannskapet til Fjøra-trenar Knut Almås.

Kampen mellom Fjøra og Os kan du følge i Firda-liven frå klokka 15.00.

I kretsligaen

I divisjonen under vann både Årdal og Vik tremålssigrar mot høvesvis Eid og Høyang fredag kveld, og i dag er det Bremanger som håpar å påføre leiarlaget Stryn årets andre tap.

Kampen mellom Bremanger og Stryn kan du følge i Firda-liven frå klokka 15.00.

Artikkeltags