Dei kan fortsette champagne-festen

Fredag kveld feira Anga at dei hadde vunne si avdeling. I dag kan dei også feire at opprykket til 5. divisjon er klart.

Fredag kveld feira Anga at dei hadde vunne si avdeling. I dag kan dei også feire at opprykket til 5. divisjon er klart. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FOTBALL: Opprykket er sikra allereie.

DEL

Førdeklubben Anga kunne i helga sleppe jubelen laus over at dei hadde vunne avdelinga si i 6. divisjon. Men berre eit par dagar etterpå kan dei også sleppe jubelen laus med tanke på at dei også har sikra seg opprykket til 5. divisjon.

– Ja, vi var førebudde på at vi også måtte spele kvalifiseringskampar med tanke på opprykk. No viser det seg at dei to andre avdelingsvinnarane, Eikefjord og Eid 2, visstnok ikkje kan, og ikkje vil, rykke opp. Fotballkrinsen har sagt at Eikefjord kan vere med å kjempe om KM-tittelen, men ikkje rykke opp denne sesongen. Dermed var vi garantert den eine opprykksplassen. Og i dag har eg dessutan fått høyre at den tredje avdelingsvinnaren, Eid 2, heller ikkje vil opp ein divisjon, seier Anga-trenar Karl Martin Opseth Norbom.

Vil hevde seg

Dermed kan Førde-klubben allereie no starte førebuingane fram til neste års 5. divisjon. Og Opseth Norbom har trua på at Anga også skal kunne hevde seg på det nivået.

– Vi har jo mange spelarar som har ei fortid litt oppe i divisjonssystemet, og kombinert med ein del ungdommar i troppen, så trur eg vi skal bite godt frå oss. Vi ser at dei fleste av klubbane i neste års 5. divisjon er sognelag, men at vi også vil møte lag som Høyang og Førde 2 som kjem ned frå Kretsligaen. Elles vil laga Sandane, Fjøra 2 /Sogndal 3, Balestrand, Syril, Jølster, Selje og Stryn gjere dett til ei flott divisjon for oss, seier Opseth Norbom etter at gladmeldinga kom på onsdag.

– Men målet vårt er sjølvsagt også å vinne KM-tittelen i 6. divisjon, og vi skal gje alt mot både Eid 2 og Eikefjord. Så sjølv om opprykket er sikra, så skal vi ikkje gje oss i kampen om KM-tittelen utan sverdslag, seier Anga-trenaren.

Artikkeltags