Både Førde og Florø kunne juble

Førde 2 vann 4-3 over Skavøypoll måndag. her jublar tomålsscorar Gaute Nyland med lagkameratane Lars Jørgen Rundereim, Elias Rognabakke (delvis skjult) og Olve Marcus Eide.

Førde 2 vann 4-3 over Skavøypoll måndag. her jublar tomålsscorar Gaute Nyland med lagkameratane Lars Jørgen Rundereim, Elias Rognabakke (delvis skjult) og Olve Marcus Eide. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Dei to siste kampane i Kretsligaen.

DEL

Både Førde og Florø sine unge mannskap i Kretsligaen vann sine kampar på 1. mai.

Les alle detaljane frå kampane Førde 2-Skavøypoll og Florø 2 mot Sogndal 2 i Firda-liven.

Heile sju mål

A-laget til Førde starta 1. mai-helga med ein opptur med sin første trepoengar i årets sesong etter 01- på bortebane mot Haugesund 2. Og på 1. mai følgde andrelaget opp med å vinne 4–3 over Skavøypoll i Hafstadparken. I fjor var gjestane frå Vågsøy med heilt i toppen av 4. divisjon, medan Benny Rivedal sitt mannskap påFørde 2 vart nummer tre.

Og det var bortelaget som kom best i gang i oppgjeret, og leia både 0–1 og 2-3, Men det unge Førde 2-mannskapet kom sterkt utover i 2. omgang, og kunne til slutt sleppe jubelen laus etter årets første siger og 4–3 på måltavla. Gaute Nyland scora to mål, medan dei andre vart kreditert Elias Rognebakke og Chris Adrian Steinsvik. For mannskap til Vidar Sandal netta Simen Nordheim, Shanjeevan Mohanarajah og keeper Anders Martin Kvalvåg.

Sterkt lag

Og i Florø kom også årets første heimesiger då Florø 2 vann 1–0 overSogndal 2 i 4. divisjon. Her var det Oliver Rotihaug som scora kampens einaste mål rett føre kvilen. Og i dette oppgjeret nytta Florø-trenar Terje Rognsø høve til å gje speletid til heile sju av spelarane sine som har han har i A-stallen. For Sogndal 2 stilte både Fredrik Flo, Ulrik Fredriksen og Kristian Rutlin frå A-troppen.

Florø 2 har dermed full poengpott etter dei to første kampane, og har same poengsum som Vik, Dale og Stryn. I botnen ligg klubbane Høyang, Skavøypoll og Tormnado Måly utan poeng.

Slik enda kampane i andre runde av Kretsligaen:

Dale-Tornado Måløy 3–1

Stryn-Bremanger 3–2

Eid-Årdal 2–2

Høyang-Vik 0–3

Førde 2-Skavøypoll 4–3

Florø 2-Sogndal 2 1–0

Artikkeltags