Kristian Fardal Opseth kan bli årets spelar

Kristian Fardal Opseth er ein av fire nominerte spelarar til utmerkinga "Årets spelar i OBOS-ligaen".

Kristian Fardal Opseth er ein av fire nominerte spelarar til utmerkinga "Årets spelar i OBOS-ligaen". Foto:

FOTBALL: Er ein av fire nominerte spelarar.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Den tidlegare Kaupanger-, Førde- og Sogndal-spelaren Kristian Fardal Opseth kan bli årets spelar i OBOS-ligaen. Han er ein av fire nominerte spelarar som juryen vil rope opp som vinnar under programmet «Fotballfesten 2017» måndag 27. november.

Dette er dei spelarane Fardal Opseth konkurrerer med når det gjeld utmerkinga: Martin Bjørnbak (Bodø/Glimt), Amahl Pellegrino (Mjøndalen) og Niklas Sandberg (Ull/Kisa).

Det er kapteinane i dei einskilde OBOS-klubbane som vil gje ei stemme til ein av kandidatane. For Florø sin del betyr det at Vegar Gjermundstad skal gje frå seg ei stemme.

Juryen som har plukka fram dei aktuelle kandidatane består av følgande: Nils Johan Semb, Kjetil Rekdal, Knut Espen Svegarden, Kenneth Fredheim, Anne Sturød og Roger Risholt.

Når det gjeld eliteserien så er dei fire aktuelle kandidatane Bjørn Bergman Sigurdarson (Molde), Nicklas Bendtner (Rosenborg), Tore Reginiussen (Rosenborg) og Ohi Omuijuanfo (Stabæk).

Utdelingane er eit samarbeid mellom Norges Fotballforbund, Norsk Toppfotball og Discovery Networks Norway.

Artikkeltags