– Dette er kampen vi ikkje kan tape

Vegard Eikevik Dyrstad er på plass når Dale i ettermiddag spelar svært avgjerande kamp for å unngå nedrykk i 4. divisjon.

Vegard Eikevik Dyrstad er på plass når Dale i ettermiddag spelar svært avgjerande kamp for å unngå nedrykk i 4. divisjon. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FOTBALL: Nedrykket kan langt på veg bli avgjort.

DEL

I ettermiddag kan mykje av botnstriden i 4. divisjon bli avgjort. Og spesielt er det knytt spenning til oppgjeret mellom Dale og Skavøypoll på Dingemoen stadion i Dale.

Kampen mellom Dale og Skavøypoll kan du følge minutt for minutt i Firda-liven frå 16.00.

Tett som hagl

Etter at Dale for tre veker sidan vann over Høyang, såg det ut til at den tradisjonsrike klubben skulle sikre seg fornya tillit i kretsligaen. Men med to tap på rad har mannskapet til trenar Stian Neset på nytt blitt involvert i nedrykksstriden.

– Ja, dette blir meir spennande enn kva som er godt. Når vi møter Skavøypoll laurdag ettermiddag, så kan dei leve med eit uavgjort resultat. Medan vi må ha ein siger, seier Arve Helle som er sportsleg leiar for A-laget til Dale.

For situasjonen i divisjonen er nemleg den at når det kan sjå ut til at Førde vil klare å stå i 3. divisjon, så skal to lag ned frå divisjonen under.

– Høyang ser allereie ut til å vere klare for nedrykk. Då står den siste nedrykksplassen mellom laga Førde 2 (14 poeng), Dale (17), Skavøypoll (18) og Bremanger (19). Og i morgon møter Førde 2 nedrykkskandidat Bremanger i Hafstadparken. Så mykje vil langt på veg kunne bli avgjort i helga, seier Arve Helle.

Etter kampane denne helga står det berre tre kampar igjen av årets Kretsliga.

Er tilbake

Eit lyspunkt for heimelaget Dale er dei to erfarne spelarane Kim Tangedal og Vegard Eikevik Dyrstad begge er klare for dagens kamp.

– Det betyr sjølvsagt mykje for oss. Og vi håpar sjølvsagt at det skal bli tre svært viktige poeng, seier Helle.

I tillegg til botnkampen mellom Dale og Skavøypoll, møter topplaget Stryn Vik i Nordfjord i ettermiddag. Den kampen har kampstart klokka 15.00, og er også å finne i Firda-liven.

Artikkeltags