Skal spele mot Frankrike, Danmark og Island

Miriam Vilnes Mjåseth skal spele på det norske landslaget i Nordisk tidleg i juli.

Miriam Vilnes Mjåseth skal spele på det norske landslaget i Nordisk tidleg i juli. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

– Dette blir noko av det største eg har opplevd.

DEL

Kaupangerspelaren, Miriam Vilnes Mjåseth, er teken ut til å spele for Norges J16-landslag under ein utvida nordisk meisterskap i Østfold 1.–7. juli.

– Det kom ikkje som noko sjokk då  eg fekk beskjeden. Eg har vore på alle samlingane bortsett frå ei, og har fått god tilbakemelding frå trenarane, seier 16-åringen frå Atløy.

Ho gler seg til å møte lag som gir ekstra utfordring. Norge møter Frankrike, Danmark og Island i dei innleiande kampane.

– Eg ser fram til kampen mot Frankrike. Dei har eit godt landslag på både kvinne- og herresida, så eg reknar med at det aldersbestemte landslaget er tøft å spele mot, fortel Vilnes Mjåseth.

Fram mot meisterskapen som vert sparka i gang 1. juli er Atløy-jenta sikker på kva som må til for å hevde seg i toppen.

– Det vert så mykje trening som mogleg framover. Eg har verkeleg lyst å vise meg fram. Draumen er å spele for A-landslaget og i Toppserien eller ein klubb i utlandet, fortel ho.

Thea Bjelde frå Kaupanger er også teken ut til meisterskapen.

Artikkeltags