Første møte med landets beste

Av
Artikkelen er over 14 år gammel

-Når eg ser kva spelarar vi har fått, skal vi framleis vere landets beste, var dei første glosene Alexander Ødegaard fekk høyre frå RBK-nestoren Nils Arne Eggen i sitt møte med den meritterte trønderklubben.

DEL

Alexander Ødegaard kom saman med sambuar Caroline Grønli frå Vassenden til Trondheim måndag kveld, og hadde sitt første møte med RBK-leiinga i Rosenborg-brakka tidleg tysdag føremiddag.

Og ut på ettermiddagen var det klart for hans første møte med medaljegrossistane på RBK-laget under trening i Abrahallen. Ei trening som vart leia av hovudtrenar Per Joar Hansen og sjølvsagt RBK-nestor Nils Arne Eggen.

Utan bagasje

Men det første møtet med Trondheim fekk ein uroleg start for sambuarparet frå Sunnfjord. For undervegs på flyreisa frå Sogn og Fjordane hadde bagasjen til paret forsvunne, og den dukka først opp på Værnes Lufthamn rett før Ødegaard sette kursen til RBK-brakka.

-Men det gjorde ikkje så mykje. Det er sånt som skjer, gliser Ødegaard etter den første dagen i Rosenborg-land.

For i tillegg til å bli litt kjent i sin nye heimby, skulle det knyttast kontaktar både blant leiarar og spelarar.

-Det har vore noko fram og tilbake. Så det har vore ein hektisk, men flott dag, seier Ødegaard etter at kveldsmørket er i ferd med å sige på, og paret har trekt seg attende på hotellrommet i Trondheim sentrum.

-Vi bur på hotell inntil vidare, då klubben allereie til helga reiser til Gran Canaria for å delta på ei treningssamling. Med sambuarar og ektefeller. Men arbeidet med å få leilegheit veit eg at klubben tek seg av. Dette stressar vi ikkje, seier Ødegaard, som saman med Miika Koppinen er dei førebelse to nye andleta i årets RBK-mannskap.

Bra trening

Elles var det ei spennande oppleving for Ødegaard å delta på si første trening med dei meritterte RBK-spelarane.

-Eg kjenner jo mange av desse spelarane frå landslaget. Men det er klart at det var litt spesielt likevel, innrømmer førdianaren, etter ei treningsøkt med spelarar som Roar Strand, Vidar Riseth, Fredrik Winsnes og Jan Gunnar Solli i Abrahallen.

-Men fleire av dei meir profilerte spelarane mangla grunna tidleg oppstart, og ikkje minst fordi dei har vore gjennom operasjonar. Difor var vi berre 12 spelarar på denne økta, seier Ødegaard, og er godt nøgd med eigne prestasjonar.

Det var hovudtrenar Per Joar Hansen som hadde ansvaret på den treninga, men Ødegaard fekk som første spelar knytt kontakt med RBK-nestor Nils Arne Eggen.

For Hansen hadde knapt avslutta sin tale til spelarane, før «gamlefar» Eggen tok Ødegaard til sides på tomannshand, og slo av ein prat med førdianaren.

-Eg reknar med at det var ein gest overfor meg då eg var den siste nye spelaren som kom til klubben. Eggen er jo «sjuande far i huset» og tek seg alltid av dei nye, seier Ødegaard.

Roleg opplegg

Den første treninga for årets RBK-mannskap var elles av det heller rolege slaget, og Alexander Ødegaard reknar med tøffare køyr etter kvart.

-No er dette første økt etter juleferien, og då er det naturleg å ta det litt roleg. Ikkje minst når vi var berre 12 spelarar. Men vi skal ut i to kampar allereie tidleg i neste veke, og då er det viktig å få opp litt meir intensitet, seier Ødegaard, og har allereie fått tilbakemeldingar på at han truleg får speletid når Rosenborg møter Sparta Praha og Feyenoord i treningskampane førstkomande måndag og tysdag på Gran Canaria.

-Men det har vore eit flott møte med landets beste. Eg trur eg skal lære mykje av både spelarar og trenarar i Rosenborg, og at eg difor skal bli ein betre spelar, avsluttar førdianaren etter sin første dag i Norges beste klubb.

-Eg skal lære mykje av både spelarar og trenarar i Rosenborg,

Alexander Ødegaard, RBK-spelar

Artikkeltags