Først sprang han maraton - så sykla han nesten 6 mil heim

Geir Nygård sette seg på sykkelsetet då han hadde tilbakelagt maratonløpet. Så sykla han heim til Førde.

Geir Nygård sette seg på sykkelsetet då han hadde tilbakelagt maratonløpet. Så sykla han heim til Førde. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Geir Nygård er ikkje heilt som folk flest. For det første stilte han, som ein av åtte, opp på den tradisjonsrike maratonen på Rett Vest i Florø.

Men etter å ha slite seg igjennom dei 42.195 meterane løpet utgjer, hadde ikkje Nygård brukt for lange pusten i bakken.

For då dei siste var i ferd med å komme i mål på maraton og halvmaraton, fann han fram sykkelen.

– No skal eg sykle heim igjen til Førde, seier Nygård og smiler.

Erfaren

Deltakinga i det 33. Rett Vest-maratonet var Nygård sin 13 maraton. Og han er vant med å presse kroppen til det yste.

– Eg har og sykla Trondheim-Oslo 13 gongar og til sommaren er målet å sykle får Lindesnes til Nordkapp, seier Nygård.

Nøgd med ny løype

Men sjølv om han har vore med på Rett Vest fire gongar tidlegare, var det mykje nytt i år. Arrangørane har nemleg gjort store endringar på løypa. I staden for å frakte løparane litt over fire mil vekk i frå stadion før starten, var starten lagt inn på stadion i år. Utøvarane sprang deretter ein løype på 10 kilometer, inkludert ei runde på stadion. Dette gjorde maraton-deltakarane fire gonger.

– Eg er ein av dei som har vore litt kritiske til den gamle løypa, den nye var heilt topp. Det gjer at det er lettare å legge opp løpet. Men det var nokre tøffe stigningar, seier Nygård, før han sette seg på sykkelsetet og gjekk laus på dei 50-60 kilometerane til Førde.

350 deltakarar

Samla var det om lag 350 som deltok på dei forskjellige distansane. Og arrangørane var godt nøgde med dagen, som blei krona med strålande solskinn.

– Vi er veldig nøgde. Sjølv om vi er litt skuffa over at deltakartalet ikkje er høgare. Det var knytt ein del spenning til mottakinga av den nye løypa, men her har vi berre fått gode tilbakemeldingar, seier leiar for Rett Vest, Leif-Martin Reknes.

Nøgd vinnar

Helge Hafsås gjorde som han brukar på maratonen, og gjekk til topps. Han klokka inn til ei tid like over tre timar.

På 10-kilometeren var det førdianaren Eigil Indrebø, som gjekk til topps.

– Det er klart det er moro. Det var jamn fart i dag, og vi var tre som kjempa lenge. Men eg greidde å legge inn eit rykk i ein bakke like før slutt, seier han.

Indrebø deltok for første gong på Rett Vest, og tok dermed over trona når mannen som har regjert løpet dei siste åra, Marius Vedvik, ikkje stilte til start.

Artikkeltags