Startar kronerulling for tennisbane i Førde

JOBBAR FOR BANE: Anders Thommessen (t.v.), Bård Nygaard Åsnes og resten av Førde Tennisklubb har starta innsamlingsaksjon for å få på plass tennisbaner i Førde.

JOBBAR FOR BANE: Anders Thommessen (t.v.), Bård Nygaard Åsnes og resten av Førde Tennisklubb har starta innsamlingsaksjon for å få på plass tennisbaner i Førde. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: I 2012 starta dei Førde Tennisklubb for å få på plass tennisbane i byen. No håpar dei folkefinansiering skal få fortgang i sakene.

DEL

– Vi har fått eit område i Hafstadparken, der vi vil bygge to baner, like ved fotballbana, seier Bård Nygaard Åsnes, leiar i Førde Tennisklubb.

Klubben blei starta i 2012, då ein gjeng tennisinteresserte ville prøve å rehabilitere dei gamle tennisbanene frå 1998 som låg bak Førdehuset.

– Vi hadde ein plan om å ta ein dugnad og sette i stand banene, men grusen var blitt til mold og mose, og det var for mjukt til å spele tennis. Så det gav vi opp, seier Åsnes.

Då tennisgjengen innsåg at rehabilitering gjekk dunken, begynte dei å sjå på kva det ville koste med nytt anlegg. Dei har fått baneleverandørar til å sjå på området. Pris på grunnarbeid, dekke og lysanlegg til to baner vil samla koste rundt 1,5 millionar kroner, ifølge Åsnes.

Planen var å søke ulike stiftingar om finansiering, pluss spelemidlar som kan stå for ein tredjedel av anlegget.

– I fjor fekk vi avslag hos Sparebankstiftinga, Sparebanken Vest og Gjensidigestiftinga. Vi la oss nok for høgt på pris, seier Åsnes.

Vil bygge ei bane først

For å gjere anlegget billegare og realiserbart har tennisklubben lagt ein ny plan.

– No er planen å få opp ei bane no først, skape aktivitet, og deretter få på plass bane nummer to. Og dessutan vente med lysanlegget. Og så vil vi vise til ein formidabel eigeninnsats ved at vi prøver å samle inn 100.000 kroner sjølv, seier Åsnes.

Måndag starta innsamlingsaksjonen som varer i tolv dagar. Torsdag kveld hadde dei fått inn 38.500 kroner. No håpar dei fleire vil bidra.

– Det har vore mykje respons. Mange vi ikkje kjenner bidreg. Det er alt frå privatpersonar som gir 500 eller 1000 kroner, til ungdomsskuleelevar som gir ein 10-ar. Det er veldig kjekt, seier Åsnes.

HAFSTADPARKEN: Planen er å legge tennisbanene på denne plassen i Hafstadparken. No håpar tennisklubben at næringslivet vil vere med å hjelpe dei på vegen mot tennisbane.

HAFSTADPARKEN: Planen er å legge tennisbanene på denne plassen i Hafstadparken. No håpar tennisklubben at næringslivet vil vere med å hjelpe dei på vegen mot tennisbane. Foto:

Dei garanterer at pengane som blir samla inn skal gå uavkorta til bygging av bana, og at ein får tilbake pengane dersom bygginga ikkje startar innan to år. Når dei først startar må grunnarbeidet for begge banene gjerast med ein gong. Åsnes har ikkje den eksakte summen, men anslår at kostnaden på bygging av ei bane vil ligge rundt 700.000-800.000 kroner.

No er håpet at den rimelegare løysinga skal gå heim hos stiftingane, og at resten skal finansierast av tippemidlar.

– Det er ganske vanskeleg å få det til. Det er mange som ventar i årevis på spelemidlar.

I Naustdal eller Stongfjorden

Per i dag finst det ingen tennisbaner i Førde, men ifølge Åsnes er det fleire som spør etter anlegg.

– Det er jo litt for dårleg at vi ikkje har tennisbane i Førde. Det er ein del ferierande eller besøkande som tar kontakt med meg og spør kvar dei kan spele.

Enn så lenge spelar folk i Naustdal eller Stongfjorden, opplyser Åsnes. Med seg på laget har han blant andre Anders Thommessen som er utdanna tennistrenar. Han jobbar til dagleg som augelege på sentralsjukehuset, og har budd i Førde i fem år. Før den tid var han tennistrenar i ti år for barn, ungdom og vaksne.

– Eg saknar både å spele tennis, og å jobbe som trenar. Det håpar eg å komme i gang igjen med når vi får opp bane. Mi erfaring er at dei som prøver fort blir hekta, seier Thommessen.

Han meiner Førde blir meir attraktivt med tennisbane.

– Tennis er ein sport du kan spele heile livet. Du kan begynne som barn og halde på til du er gammal. Der eg har spelt før er det typisk at det er folk i alle aldrar, seier Thommessen.

Godt initiativ, seier kommunen

Dei får støtte frå kommunalsjef Trond Ueland i Førde kommune.

– Å få på plass tennisbane i Hafstadparken vil vere veldig positivt. Vi må ha eit mangesidig tilbod for å vere attraktive. Det er veldig bra at tennisklubben tar initiativ sjølv. Vi støttar dei, og skal hjelpe til med spelemiddelsøknad, seier Ueland.

Han har tatt opp utbygginga i Hafstadparken med Førde idrettsråd, men seier han vil drøfte den ein gong til med idrettsrådet og Førde idrettslag, før det blir endeleg bestemt.

– Det er kommunen sitt område, men vi må bli endeleg einige, men eg reknar med at det går fint, seier Ueland.

I september 2015 kravde Kulturdepartementet tilbake dei 137.000 kronene som Førde kommune hadde fått i spelemidlar i si tid til banene som låg bak Førdehuset tidlegare.

– No bygger vi kulturskulen der, så no er det greitt; banene ville ha forsvunne uansett.

VIL SPELE: Førde Tennisklubb blei starta i 2012. – Heile klubben blei starta for å prøve å få til ei bane, seier leiar Bård Nygaard Åsnes (nummer to f.v.). Til venstre Øyvind Hellenes, til høgre Anders Thommessen og Bjørnar Hellenes.

VIL SPELE: Førde Tennisklubb blei starta i 2012. – Heile klubben blei starta for å prøve å få til ei bane, seier leiar Bård Nygaard Åsnes (nummer to f.v.). Til venstre Øyvind Hellenes, til høgre Anders Thommessen og Bjørnar Hellenes. Foto:

Artikkeltags