I fjor vart Silvia Kapstad nummer fire i junior-VM i styrkeløft. Difor er det mange som har forventningar til at ho skal ta minst eit steg opp i årets meisterskap i Polen, og få med seg ein medalje heim.

– I fjor vart det fjerdeplass i junior-VM, og viss eg ikkje hugsar heilt feil, så var det i det siste løftet i markløft at det skar seg. Så eg håpar det går betre i år. For målet mitt er å sette personlege rekordar under meisterskapen, seier Kapstad.

Sette rekord

Føre konkurransen i den polske byen Szczyrk står Kapstad med noteringane 212 kilo i knebøy, 132 i benkpress og 200 i markløft.

– Dette er dei gjeldande rekordane mine i konkurranseløft, men på trening har eg hatt oppe tyngre løft. Så sjølvsagt har eg lyst til å presse desse tala noko høgare i VM, seier Kapstad som løftar i vektklassa for utøvarar inntil 72 kilo.

– Vi er totalt ni norske løftarar i årets VM, og eg er den einaste frå Sogn og Fjordane. Eg kom ned hit til Polen på tysdag og blir her til laurdagen, seier 20-åringen.

Sitt beste

Ho vedgår at ho kjenner lite til kva konkurrentane hennar er i stand til.

– Eg har ikkje hatt fokus på dei andre løftarane i det heile. Eg går opp på podiet og skal prestere mitt beste. Så får eg i etterkant sjå kva det held til, seier Kapstad og vedgår at ho kjenner litt på nervane dagen føre konkurransane.

– Ja, no kjenner eg litt til at det nærmar seg. For magen gir beskjed, seier Kapstad når Firda snakkar med henne onsdag ettermiddag.

Maksimale

– Samstundes seier eg til meg sjølv at dette er som ein heilt vanleg konkurranse. Den einaste skilnaden er at eg ikkje kjenner til konkurrentane. Difor er det først og fremst opp til meg sjølv korleis dette skal gå. Presterer eg opp mot mitt maksimale, så kan alt skje, seier Kapstad føre dei ni løfta i meisterskapen mot verdas beste junior- og ungdomsløftarar.

– Eg skal gjere mitt beste, og så får vi håpe at det kan vere nok til å sikre seg ein medalje, seier Kapstad.